Utsetjing av kampar (3. sept. 2010)
Det har vorte litt for mange utsette kampar i det siste.... Ber om at laga som har utsette kampar legg litt ekstra innsats inn i å få avvikla dei avlyste kampane. Dersom kampane ikkje vert spela innan rimeleg tid vert resultatet i kampen sett til 3-0 og 3 poeng til det laget som kunne møta den dagen kampen var oppsett. I den siste runden som er oppsett i haust vil det IKKJE vera råd å utsetja kampar, desse SKAL spelast laurdag 9. oktober.

Voss Friends - Bjørgum (2. sept. 2010)
Kampen som var sett opp tysdag 7. september mellom Voss Friends og Bjørgum er flytta til onsdag 8. september kl. 21.00 på Bjørgum.

Ny kamptid (2. sept. 2010)
Den utsette kampen mellom Voss Friends og Rakkarongane skal spelast måndag 6. sept. kl 21.00 i Skulestadmo

Utsetjing av kampar (31 august 2010)
Det er no fire kampar som er utsette, Voss Friends har utsett to, Dale og Granvin ein kvar, desse to siste er også uheldigvis mot Voss Friends.... Ber om at det vert avtalt nye tider for desse kampane så fort som råd. Gje melding i gjesteboka om dei nye tidene snarast. Dersom kampane ikkje vert spelte innan rimeleg tid vert det, slik det står i reglane, 3-0 siger og tre poeng til det laget som var klare til å spela på oppsett tid og følgelig tre null tap for dei som har utsett kampen....

Rapportering av resultat (18. august 2010)
Det var litt slappt frå nokre lag med tanke på raportering av resultat i vårsesongen, også igår var det eit resultat som ikkje kom inn før etter purring. Ber om at de, straks kampen er ferdig, sender inn resultatet. Det gjer arbeidet med å halda nettsidene oppdaterte mykje enklare om alt kjem inn rett etter kamp.

Igang igjen.... (18. august 2010)
Då var haustsesongen igang igjen, topplaga vann sine fyrste kampar etter serien med god margin. Framleis er det berre eit poeng mellom dei tre fyrste laga. Spanande haust i vente med andre ord :-)

Utsett kamp (16. august 2010)
Kampen mellom Bjørgum Youngboys og Voss Friends som skulle vore spelt imorgo, 17. august, er utsett. Ny dato kjem her på sida så snart den er klar.

VM i 5ar-fotball (12. august 2010)
Fredag 27. og laurdag 28. august er det klart for eit nytt VM (Vossameisterskap) i 5ar-fotball i Skulestadmo. Oppfordrar laga i Tebe-serien, og alle andre sjølvsagt, til å melda seg på. Kjekt sportsleg og ikkje minst sosialt med ein kjekk bankett på Løno laurdagskvelden. Her vert det servering av mat, premieutdeling og dans til levande musikk. Banketten er med i prisen ved påmelding. Meir info om cupen finn du her

Utsett kamp (29. juni 2010)
Kampen mellom Dale og Voss Friends er utsett til august!

Kampreferat (17. juni 2010)
Stadig nye lag kjem med referat frå kampane, godt jobba. Oppmodar også dei resterande laga til å skriva ned nokre ord. Om også rapportering av målskorarar vert litt meir stabil så vert dette bra :-)

Fleire damer på scoringslista? (16. juni 2010)
Ryktene seier at Anja Kolskår var eit døgn tidlegare ute med scoring for Silkefoten FC enn Anne Marit Vinje for Viljar og dermed skulle hatt æra som fyrste dame på scoringslista i TeBe-serien. Dette stemmer sikkert men det viser også kor viktig det er at laga melder inn både resultat og målscorar etter kvar kamp. No vart det litt feil både her på nettsida og i "Hordaland" som, med ujamne mellomrom, hentar litt nyhende frå nettsida vår. Uansett er det kjekt at to damer teiknar seg på scoringslista i same serierunde :-)

Leggskinn er påbudt (10. juni 2010)
Minner om at det i TeBe-serien er PÅBUDT med leggskinn, dommar skal nekta spelarar utan leggskinn å spela kamp!

Fyrste dame på scoringslista (10. juni 2010)
Anne Marit Vinja vart idag (så vidt hugsen strekk til iallefall) fyrste kvinnelege målscorar i TeBe-serien. Godt jobba :-)

Toppscorar (10. juni 2010)
Ber om, igjen!, at når de legg inn målscorarar i gjesteboka de også leggja inn totalen for alle spelarane så langt i sesongen. Det er utruleg arbeidskrevjande å halda lista oppdatert utan. Om det ikkje vert skjerping her kuttar me heile toppscorarlista! Oppskrifta er enkel: bla deg ned til forrige innlegg, kopier teksten med totalen for spelarane på laget, lim denne inn i det nye innlegget til gjesteboka. Så skriv du inn kven som scora i siste kampen og rettar måla i totalen til dei ulike spelarane til slutt.

Tap for Ørnar (10. juni 2010)
Bjørgum påførde Ørnar sesongens fyrste tap på tysdag. Med 4-3 sigeren til Bjørgum tettar det seg til på tabellen. Det er no berre 4 poeng frå fyrste plass til 6. plass på tabellen. Granvin har ein kamp mindre spelt pga. utsetjing, med siger i den kampen ville dei vore på topp, to poeng før Ørnar.

Dale - Granvin utsett (8. juni 2010)
Kampen mellom Dale og Granvin som skulle vore spelt ikveld er utsett, førebels til tysdag 29. juni. Ber laga koma med endeleg tidspunkt og dato så snart det er klart....

Fyrste poenga til Youngboys (3. juni 2010)
Då var 6. serierunde ferdigspela og Bjørgum Youngboys tok sine fyrste tre poeng - godt jobba. Elles tok Voss Friends tre poeng mot Ørnar 2 igår og kom dermed a poeng med tredjeplassen. I neste runde vert det på nytt innbyrdes oppgjer mellom dei fire øvste laga - Bjørgum tek imot Ørnar medan Granvin tek turen tDale. I tillegg vert det ein spanande kamp mellom Silkefoten FC og Bjørgum Youngboys - kan også Silkefoten få sine fyrste poeng? I dei to siste kampane møtest desse tabellnaboane: Viljar - Voss Friends og Ørnar 2 - Rakkarongane. Mange spanande og forhåpentlegvis jamne kampar i vente altså....

Ørnar og Granvin vann toppkampane (1. juni 2010)
I dagens to kampar vart det siger med 9-1 til Ørnar over Dale, i ein kamp som var jamnare enn resultatet tilseier. I den andre toppkampen vart det siger med 6-4 til Granvin over Bjørgum. Fjorårets to topplag, Ørnar og Granvin, har dermed fått ei lita luke i toppen. Morgondagens vinnar i kampen mellom Voss Friends og Ørnar 2 vil blanda seg inn i toppkampen, dei har sjans til å klatra heilt opp på tredjeplass.....

Jamn serie så langt! (27. mai 2010)
Når alle laga no har spelt 5 kampar er det svært jamnt på tabellen. Fire lag ligg i toppen med 13 og 12 poeng. Neste runde vert spanande, då møtest nettopp desse fire laga innbyrdes. Dale tek turen til Skulestadmo neste veke for å møta Ørnar medan Granvin tek turen til Bjørgum for å møta Bjørgum Old Boys. Viktige kampar for tetstriden slik det ligg an nett no iallefall. Voss Friends og Ørnar 2 som ligg like bak med ni poeng møtest også i neste runde. Silkefoten FC og Bjørgum Youngboys har sjansen til å ta årets fyrste poeng mot henholdsvis Viljar og Rakkarongane.
Elles oppmodar me alle lag om å kalla inn heiagjengen sin til kampane, Silkefoten FC har så langt utan tvil hatt dei mest ivrige og entusiastiske supporterane, sjølv om det har vorte magert med poengfangsten.....

Toppscorar (26. mai 2010)
Ber om at alle lag jamnleg tek ein kikk på toppscorarlista og ser at ting stemmer der. Vert etter kvar mange namn å halda styr på, over 70 så langt. Laga har og litt ymse måtar å rapportera inn målscorarane på.... Vil helst at de legg det inn i den nye gjesteboka vår, den ser ut til å fungera ok. Då vil me ha kven som scora i siste kampen og ein oppdatert total for alle på laget som har scora så langt i sesongen. Tips: kopier totalen frå ditt forrige innlegg, skriv inn målskorarar i siste kampen og oppdater lista med totalen i høve til siste kampen. Då vert det lettare å halda oversikten!

Godt jobba! (25. mai 2010)
Opptil fleire lag har teke utfordringa med å skriva kampreferat, flott, fortsett slik!
Om dei laga som gløymer å senda resultat etter kampane byrjar med det (ikveld gjeld dette Silkefoten FC og Voss Friends) så vert denne nettstaden høgst oppegåande......

Kampreferat (20. mai 2010)
Om ikkje andre enn Viljar leverar kampreferat kan me snart døypa om linken til venstre til "Viljar-kampreferat"..... Oppfordrar med andre ord alle laga til i ta seg litt i nakken og senda inn kampreferat, artig lesing for mange dette!

Spelarovergangar (11. mai 2010)
Som i andre store ligaer er spørsmålet om spelarovergangar og overgangsvindaugo dukka opp hjå oss. Styret har bestemt at dei som har spelt for eit lag i vårsesongen evt. lyt venta til haustsesongen før dei kan spela for eit anna lag i serien. Overgangar skal også meldast inn til styret før spelaren spelar kamp for det nye laget.

Innmelding av resultat (11. mai 2010)
Hugs å melda inn resultat på sms til 988 83 393 rett etter kampane og legg inn målskorarar i gjesteboka. Der skal det vera målscorarar i siste kamp og totalt for laget så langt i sesongen. Det siste gjerast om det skal vera råd å halda toppscorarlista rett gjennom sesongen...

Utsett kamp (11. mai 2010)
Dagens kamp mellom Dale og Bjørgum Youngboys er utsett til 21. mai kl 20.00 på Dale.

Ny gjestebok (6. mai 2010)
Sidan den forrige gjesteboka ikkje ville samarbeida prøver vi ei ny..... Vonar den virkar som den skal, om ikkje gje ei tilbakemelding på mail eller sms - me gjev oss ikkje før me finn ei som funkar!

Viljar stormar vidare (5. mai 2010)
Viljar fortset framgangen frå serieopninga der dei heldt fjoårsmeister Ørnar til poengdeling. Igår var det Granvin som laut bita i kunstgraset, bokstaveleg tala ifølge kampreferatet. Kjekt om også fleire enn Viljar kjem med litt referat frå kampane, kjekk lesnad for mange det.....

Problem med gjesteboka (5. mai 2010)
Den nye gjesteboka ser ikkje ut til å fungera heilt slik ho skal, me prøver å få på plass ei anna løysing så snart det let seg gjera....

Dommarproblem (27. april 2010)
Som fleire lag allereie har oppdaga vert det ein vanskeleg jobb å skaffa dommar til kampane. Dommarane på lista vår kjem alle stort sett frå tre lag - når desse tre laga spelar kamp same kveld (som ikveld) vert det vanskeleg for dei andre laga å skaffa dommar! Ber om at Bjørgum, Bjørgum Youngboys, Rakkarongane, Ørnar 2 og Silkefoten FC kjem opp med namn på minst to dommarar kvar slik at lista vår vert komplett. Inntil namna frå desse er komne på plass kan dei som treng dommar ta kontakt med lagleiarane for desse laga i tillegg til dei som står på dommarlista. Dale og Granvin spelar sine heimekampar i heimbygdene sine og skaffar dommar sjølve til desse.

Dale med årets fyrste trepoengar (26. april 2010)
Sesongopninga var då unnagjort, kampen mellom dei to nykommarane, Silkefoten og Dale, enda 1-5.

Rabattavtale hjå S. Endeve Sport (13. april 2010)
TeBe-serien har inngått ein avtale med S. Endeve Sport som gjev alle spelarar i TeBe-serien gode prisar. Me får 10% avslag på mykje fotballutsyr og 20% på ein del utvalde produkt, mellom anna ein del av dei dyraste fotballskoa. Hugs å sei at du er spelar i TeBe-serien når du handlar!

Dommar (13. april 2010)
Ber om at laga hjelper til å fylla opp dommarlista, kjekkare for dei som skal ha tak i dommar når der er fleire å velja i, lettare å få eit ja frå nokon då!

Terminlista godkjend (13. april 2010)
Då er terminlista godkjend og sendt i trykken.
Truleg skal dei fleste ha mottatt denne i papirform i god tid før seriestart

Litt endring på terminlista (12. april 2010)
Etter ynskje frå Bjørgum er det justert litt i terminlista. Dei tirsdagane når det var sett opp to kampar samtidig på Bjørgum er det flytta slik at dei istaden går etterkvarandre. "Youngboys" har bytt namn til "Bjørgum Youngboys".

Terminlista ferdig (11. april 2010)
Forslaget til terminliste ligg no under linken til venstre. Lagleiarar/kontaktpersonar har frist til imorgo (måndag) kl. 16.00 for å koma med forslag til endringar. Deretter vert heftet for i år sendt til trykking. Om alt går etter planen vert hefte/giro/dommarrekningar sendt ut til laga i løpet av komande veke.

Sesongstart vert 26. april (10. april 2010)
Sidan det er så mange som 10 lag i serien i år vert det fleire kampar og lengre sesong enn i fjor. Seriestart vert derfor den 26. april. Terminlista er ferdig og sendt ut til godkjenning til alle kontaktpersonar. Om du er kontaktperson og ikkje har fått mail så send e-post adressa di på ein sms til 988 83 393, og du får ein ny mail! Terminlista er eit vanskeleg puslespel å få til og gå opp så de må ha gode grunnar til å evt. flytta kampar i høve til forslaget! Planen er å senda terminlisteheftet i trykken rett over helga så fristen for tilbakemelding er f.k. måndag kl. 16.00! Minner og om dommarlista, fint om me får tilbakemelding med aktuelle namn innan same frist.

Dommarar (9. april 2010)
Reknar med at alle laga, iallefall dei med base i Vossebygda har interesse av å ha ei dommarliste tilgjengeleg, då er me avhengige av at folk seier seg villige til å stå på denne lista. Ein kan sjølvsagt takka nei til å dømma dei gongene det ikkje høver. Kvart lag bør skaffa min. to personar som kan tenkja seg å dømma kampar. Granvin og Dale lyt sjølve halda seg med dommar til heimekampane, vert litt for langt å reisa for dommarar på Voss til desse kampane.

Reglane (9. april 2010)
Sidan det er mange nye lag i år ber me desse, men og sjølvsagt alle andre, å lesa nøye gjennom reglane. Merk spesiellt at det, som tidlegare, vert bot på kr 1000,- til serien dersom ein lyt trekkja laget før sesongslutt. Eit lag som ikkje møter til kamp når dei skal må betala heile dommarekningen på kr 300,-. Kampane vert 2 x 30 min.

Voss Friends vart det 10. laget (9. april 2010)
Voss Friends har meldt seg på som lag nr. 10 i årets serie. Framleis nokre timar til fristen er ute men slik det ser ut no vert det då 9 kampar på kvart lag både vår og haust. Litt i meste laget men samstundes er me vel for lite lag til å dela i to puljer.... Me tek, slik det ser ut no, sikte på å koma igang i veke 17, frå 26. april og spela fram til og med veke 25. og dermed få avvikla dei siste kampane i vårsesongen seinast den 24. juni. Haustsesongen er litt enklare, der er det ingen ferie vi må bli ferdig før... Me satsar på å byrja med dei fyrste kampane i veke 33, frå 16. august. og spela fram til omlag 1. oktober.
Me prøver, som ifjor, å samla siste serierunden på ein laurdag. Me har og tankar om å kombinera premieutdelinga denne dagen med ei skikkeleg sesongavslutting på Fleischers Hotel.
Skal prøva å ta hensyn til landskampar, CL-finale etc. når kampoppsettet vert laga, om nokon kjem på spesielle datoar me bør prøva å unngå er det fint om de sender ei melding om dette straks......
Om alt går etter planen vert kampoppsettet laga i løpet av helga og kjem på nettsida i neste veke. Programheftet og giroar vert også sendt ut i løpet av neste veke men de MÅ fylgja med på nettsida slik at de er klare til fyrste kamp dersom denne kjem før de har fått terminlista tilsendt pr. post.

Viljar stiller også i år (8. april 2010)
Då har Viljar meldt seg på som lag nr. 9. No begynna da å bli fullt i serien.... Me lyt dermed prøva å koma igang så tidleg som råd for å bli ferdige med vårsesongen til skuleferien. Påmeldingar som kjem etter fristen kjem i år ikkje til å bli godkjende!

Silkefoten FC er påmeldt (7. april 2010)
Då var lag nr. 8 klare for årets serie. Silkefoten FC tek steget frå å vera eit turneringslag til å melda seg på i serien vår, velkomen til dei.

Granvin og Bjørgum er med (7. april 2010)
Granvin har fått ny bane og gjer comeback i TeBe-serien. Bjørgum Old Boys stiller også lag. Dermed er sju lag påmelde til årets serie. Alt ligg no til rette for at samtlige kampar også i år vert på kunstgras. To dagar igjen for dei som vurderer å melda seg på....

Fem lag påmelde (5. april 2010)
Då kom det tre lag til: Rakkarongane går på ein ny sesong. Dale og Youngboys vert to nye bekjentskap. Dale er sjølvsagt frå Dale medan Youngboys har base på Bjørgum. Hugs siste frist for påmelding som er fredag 9. april.

To lag påmelde (2. april 2010)
Då var dei to fyrste laga påmelde. Ørnar og Ørnar 2. Ørnar er tittelforsvararen frå ifjor medan Ørnar2 er sett saman av folk frå Ørnar sitt 7. div. lag frå ifjor. Desse to laga har berre namnet felles og det kjem ikkje til å verta flytta spelarar mellom laga. (bortsett frå kankje i overgangsvindauga i sommar om prisen er den rette....). Ei veke igjen til siste påmeldingsfrist, kom igjen og meld dykk på :-)

Påmeldingsfrist 9. april (30. mars 2010)
Påmeldingsfrist til årets serie er seinast fredag 9. april. Både gamle og nye lag er sjølvsagt svært velkomne. Me treng ved påmelding namn på to kontaktpersonar med mobiltelefon og e-post adresse. I tillegg treng me ei postadresse for utsending av giro og terminlistehefte. Dei som ynskjer å spela kampar på eigen heimebane må i tillegg oppgje kva tider og dagar me kan setja opp kampar. Me reknar med å spela det meste av kampar på kunstgras på Bjørgum og i Skulestadmo, bortsett frå dei kampane der heimelaget har eigen bane. Opplegget frå ifjor med at heimelaget er ansvarleg for å skaffa dommar held fram, betaling til dommar vert som ifjor, kr 150,- frå kvart av laga rett etter kampslutt. Påmeldingsavgift pr lag vert kr 1300,-. Har de spørsmål er det berre å ta kontakt på tlf. 988 83 393.

Ny sesong (22. januar 2010)
Reknar med at dei fleste lag no er inne i ei tid med tung og hard kondisjonstrening før den nye sesongen! Ein god motivasjonsfaktor kan jo då vera å tenkja på mildvær, grønt kustgras og TeBe-kampar.... Me planlegg iallefall påmeldingsfrist den 9. april for årets sesong, gamle og nye lag er velkomne! Meir info om påmelding kjem her når det nærmar seg, har du spørsmål er det berre å ta kontakt på tlf. 988 83 393....

Takk for i år (29. september 2009)
Då var sesongen 2009 historie. Inntrykket er at det meste har gått etter planen også i år. Største "problemet" var vel at Haugamoen måtte trekkja laget etter vårsesongen, noko som førde til litt urytmisk kamp-program i haust. Om nokon har kommentarar eller forslag til forbetringar for neste års serie er det berre å melda dette inn til styret, både positive og negative tankar er velkomne. Håpar at alle laga frå i år er klare til ny sesong når vinteren er over! Det er også kjekt om alle er litt "ambassadørar" for TeBe-serien gjennom vinteren, hadde vore kjekt om me klarde å rekruttera eit par nye lag til sesongsstart. Kunstgrasbanane dukkar opp fleire plassar rundt omkring og det kan kanskje frista fleire vennegjengar til å koma igang både med både trening og deltaking i TeBe-serien, viktig då at dei veit om at TeBe-Serien finst. Takk til Ørnar som har lete oss sleppa til på banen i Skulestadmoen med kampar gjennom heile sesongen. Neste sesong er det kanskje råd å nytta banen på Bjørgum i litt større grad også? Det kome små signal frå Ulvik/Granvin at dei neste sesong kanskje kjem til å nytta den nye kunstgrasbanen i Granvin som heimearena, flott underlag blir det heilt sikkert der nede og litt kortare reise vert det for oss vossingar i så fall.
Takk til alle andre som har bidrege til årets serie, ikkje mist dommarane, serien hadde ikkje fungert utan deira innsats! Dei trufaste sponsorane våre stiller også opp år etter år, tusen takk til dei. Det er flott om me har deira støtte til oss i tankane når me har bruk for varer og tenester som desse tilbyr.

Ørnar seriemeister (26. september 2009)
Etter dei siste kampane er det klart at Ørnar tok heim sigeren i årets TeBe-serie, ikkje heilt uventa etter korleis tabellen såg ut før dei siste kampane. Sigerspallen vart dermed slik: 1. plass Ørnar, 2. plass Ulvik, 3. plass Voss Friends. Både Ulvik og Ørnar tok klare sigrar i sluttkampen. Ellers ein ekstra honnør til Rakkarongane som tok ein sterk 4-3 siger over Voss Friends i siste kampen, godt å ta med seg før ein lang vinter med hardtrening....

Per Are Halstensgård (26. september 2009)
Tok til slutt ein klar siger i kampen om det gjeve toppscorartrofeet, han scora i alt 25 mål. Toppen av lista er dominert av spelarar frå topplaga Ørnar og Ulvik. Fjorårsvinnar Rolf Ingebrigtsen frå Ørnar vart nr. 2 med 19 mål medan Ørjan Øydvin frå Ulvik enda på 18 mål.

Ulvik vann toppkampen (24. september 2009)
I dagens toppkamp mellom Ulvik og Ørnar vart det ein siger med 6-4 til Ulvik. Det var lenge jamnt med Ulvik i leiinga det meste av kampen, fullt fortent Ulvik-siger til slutt. Dette resultatet betyr at serien ikkje vert avgjort før i dei siste kampane på laurdag. Ørnar vinn med siger mot Bjørgum. Om Ørnar og Bjørgum spelar uavgjort og Ulvik vinn vert målskilnaden avgjerande, her har Ørnar 13 plussmål å gå på før kampane laurdag. Om Ørnar tapar er det nok med Ulvik-siger. Om Ulvik gjev vekk poeng vert Ørnar uansett seriemeister. Iallefall kjekt med spenning heilt til siste slutt! Ellers på tabellen er spenninga knytt til 4. og 5. plassen, både Viljar og Bjørgum har mulighet til å bli nr. 4. Voss Friends og Rakkarongane har æra å spela for, dei vert uansett nummer 3 og 6 på sluttabellen.

Flytta kamp (23. september 2009)
Banen i Ulvik er stengd og toppkampen mellom Ulvik og Ørnar er dermed flytta til Skulestadmo kl. 21.00 imorgo!

Avlyst kamp (21. september 2009)
Viljar klarde ikkje å stilla lag til dagens kamp mot Ørnar, det var heller ikkje råd å finna anna ledig tid til denne kampen før helgas avslutningskampar. Kampen vert dermed, i.h.t. reglane, sett til 0-0 med tre poeng til Ørnar.

Seriemeister 2009 (17. september 2009)
Sjølv om Ørnar har leia heile sesongen og står utan poengtap er serien enno ikkje avgjort. Ørnar skal til Ulvik for å spela toppkamp mot Ulvik neste torsdag, med siger til Ulvik i den kampen vert ikkje seriemeistertittelen avgjort før i siste runde. Voss Friends har berre ein kamp igjen å spela og kan best bli nr. 2 men då lyt Ulvik tapa dei tre siste. Lengre ned på tabellen er det hard kamp mellom Viljar og Bjørgum med åtte og sju poeng. Rakkarongane har berre ein kamp igjen og vert dermed uansett sist i debutsesongen, dei kjem sikkert sterkare neste sesong......

Toppscorar 2009 (17. september 2009)
Idet me har ei veke igjen til seriestart er det rekordjamnt i kampen om årets toppscorar-tittel. 9 spelarar har scora frå 9 til 16 mål. Med to og tre kampar igjen for dei ulike laga har alle desse og kanskje nokon lenger bak på lista sjans til å ta heim den gjeve pokalen. To mann deler pr. dag topplasseringa, Rolf Ingebrigtsen på Ørnar og Per Are Halstensgård på Ulvik har begge scora 16 gonger til no i år. Jan Erik Seim frå Ørnar, føl tett bak med 15 scoringar.

Avsluttningskampar 26. sept. (13. september 2009)
Minner om at alle kampar SKAL vera ferdigspelt seinast 25. sept, det vert pokalutdeling i samband med kampane den 26. september!

Nye endringar i terminlista (13. september 2009)
Kampen mellom Ørnar og Ulvik som var sett opp 14. sept. er utsett, ny tid kjem seinare. Den utsette kampen mellom Viljar og Voss Friends skal spelast tirsdag 15. sept. kl 21.00 i Skulestadmo.

Flytta kamp (3. september 2009)
Kampen mellom Voss Friends og Ulvik som skulle vore spelt ikveld er flytta til torsdag 17. sept. kl. 21.00 i Skulestadmo.

Det vert ingen fest i år (26. august 2009)
Trass i fleire oppfordingar har ingen meldt seg til å ta eit tak med festen den 26. september, den vert difor avlyst! Me tek premieutdeling etter kampane laurdag den 26. september.

Feil i terminlista (26. august 2009)
Det hadde sneke seg inn ein feil i terminlista på kampen mellom Voss Friends og Ulvik. Rett tidspunkt for denne kampen er torsdag 3. september kl. 2100 i Skulestadmo.

Ingen fest? (24. august 2009)
Har vore null respons på spørsmålet om hjelp til å arrangera fest, om ingen melder seg seinast imorgo vert festen avlyst!

Trekkjer laget (24. august 2009)
Haugamoen har ikkje hatt hellet med seg i overgangsvindauga og må dermed trekkja laget. Kampane deira tidlegare i sesongen vert dermed strokne på tabellen. Alle utanom Viljar (som tapte) og Bjørgum (som ikkje har spelt mot Haugamoen) misser dermed 3 poeng og litt plussmål på tabellen. Skal prøva å få ut ny revidert versjon i løpet av kvelden. For å spara litt arbeid (vanskeleg å rekontruera lista) vert målscorarane ståande med mål scora mot Haugamoen på toppscorarlista.

Haugamoen (20. august 2009)
Haugamoen har store problem med folk til laget sitt. To kampar er så langt utsette. Har du nokon fotballsko som ikkje er støva alt for mykje ned på hylla så er dette sjansen! Ta kontakt med Per Ivar Vedå på Tlf. 90 99 36 60 eller e-post: per@haugamoen.no om du er interessert.... Om dei ikkje får folk på plass snarast til å stilla lag lyt dei trekkja seg serien!

Fest (18. august 2009)
Det er som kjent reservert plass i Viljarhuset til ein liten fest etter avslutningskampane den 26. september. For å få det til me ha nokon som kan ta på seg å organisera litt, laga ein quiz, ta imot påmeldingar etc. Om de har lyst på fest er me avhengige av at noko tek kontakt..... Ring Terje på 988 83 393

Bilkøyring til banen i Skulestadmo (12. august 2009)
TeBe-serien brukar banen i Skulestadmo både til kamp og trening I samband med dette vert det naturleg nok ein del bilkøyring. Det har kome inn klager på farten som ein del brukar til og frå banen. Ber om at alle tek hensyn til 30 km fartsgrensa og tek det litt meir med ro på vegane inne i moen!

Ny nettadresse: www.tebe-serien.com (6. juli 2009)
Pga. at Voss Prenteverk er konkurs har me bytt web-adresse for sida vår. Oppdater "bookmarks" på maskina di slik at du framleis kan fylgja med på alt som skjer i TeBe-serien!

Sommarferie (23. juni 2009)
Då var fyrste halvdel av sesongen unnagjort. Det ser ut til at styrkeforholdet mellom laga er mykje likt som ifjor. Ørnar er sterkast med Ulvik og Voss Friends som utfordrarar. Mellom dei fire andre laga er det svært jamnt. No er det opp til laga å bruka overgangsvindauga godt, enten til å henta nye fjes eller til sikra seg pengar i ein slunken klubbkasse ved å selja nokre av stjernene frå vårsesongen.... Ynskjer alle ein fin sommar og vel møtt til hausten igjen !

Utsett kamp (23. juni 2009)
Pga. av kollisjon med jonsokfeiring og at sommarferien for mange har byrja vert kampen mellom Haugamoen og Bjørgum utsett til byrjinga av haustsesongen. Vi tek sikte på at kampen går den 18. august kl. 21.00 i Skulestadmo.

Fyrste siger! (3. juni 2009)
Då kan me gratulera Rakkarongane med den fyrste trepoengaren. Dei slo ikveld Haugamoen med så klare siffer som 4-1, godt jobba!

Utsett kamp (3. juni 2009)
Kampen mellom Bjørgum og Ulvik som skulle vore spelt imorgo er utsett til torsdag 11. juni kl. 19.30.

Målskorarar (25. mai 2009)
Ber om at laga held fram med å leggja alle målskorarane inn i gjesteboka slik at lista er oppdatert heile tida. Det begynnte bra men me manglar no namna frå nokre av dei siste kampane!

Trenden frå ifjor held fram... (25. mai 2009)
Då var me omlag halvegs i vårsesongen. Det ser ut for at styrkeforholdet mellom laga er omlag som ifjor. Dei tre topplaga frå 2008 er framleis utan poengtap. Ser i ettertid at Rakkarongane fekk eit litt unødvendig hardt opningsprogram med kamp mot nettopp desse tre i starten.... Trøysta får vera at det berre kan gå oppover frå no!

Kampreferat (13. mai 2009)
Viljar held fram den gode trenden frå ifjor og skriv kampreferat. Er det verkeleg berre dei som har spelarar som både kan sparka og skriva? (treng berre gjera ein av delene om gongen til og med). Oppfordrar alle dei andre laga om å skriva eit kort referat frå kampane, kjekt å lesa for mange....

Innbetaling av påmeldingsavgift (12. mai 2009)
Me manglar framleis innbetaling av serieavgifta frå to lag, ber om at desse to laga ordnar opp i dette straks!

Seriestart (4. mai 2009)
Då var dagen komen for årets seriestart. Fyrste kamp går mellom Ørnar og Rakkarongane ikveld kl 21.00 i Skulestadmo. Regjerande meister mot nykommarane.... Kan verta ein fin peikepinn på kven som har treft best med vinterens hardtrening! Møt gjerne opp og sjå på!

Hefte og giroar klare (20. april 2009)
Då var terminlista og giroane ferdig trykte. Dei vert distribuert rundt til laga via litt ulike kanalar iløpet av veka. Terminlista her på nettsida er oppdatert med dei siste endringane. Dermed skulle alt vera klart for seriestart, ynskjer alle lag lukke til med finpuss av forma fram mot avspark!

Kampane vert i år 2 x 30 minutt (20. april 2009)
Det vart fleirtal for å gå attende til vår tidlegare faste speletid. Kampane skal i år dermed vera 2 x 30 minutt!

Terminlista er klar (20. april 2009)
Då har Ulvik fått klarert sine treningstider på graset i Ulvik, dei fleste av Ulvik sine heimekampar er dermed flytta frå tysdag til mandag. Har elles prøvd å ta hensyn til alle innkomne ynskje. Terminlista er dermed endeleg fastsett. Lukke til til alle.

Endring i terminlista (18. april 2009)
Bjørgum hadde fått kamp to dagar etter kvarandre på slutten av vårsesongen, kampen mot Haugamoen er difor flytta til tirsdag 23. juni.

Ny i styret (18. april 2009)
Nils Rokne har takka for seg i styret, vi takkar han for god innsats i mange år. Tore Landmark, Viljar, har sagt seg villig til å steppa inn, om ingen har innvendingar mot det er han nytt styremedlem!

Endring (16. april 2009)
Vart gjort oppmerksom ein "logisk brist" på terminlista: to kampar som var sett opp etter avslutningshelga, det var ikkje meininga, har difor flytta desse. Viljar Voss Friends til 10. sept. og Bjørgum - Haugamoen til 20. august. Har fått litt andre merknadar også, Ulvik må mellom anna kanskje byta kampdag på banen i Ulvik, kjem tilbake til dette når dei har fått avklara sine treningstider. Viktig at eg får tilbakemelding frå dei tre laga som ikkje har meint noko om lengda på kampane, to for og to imot å endra så langt.....

Terminlista klar (15. april 2009)
Då ligg det eit forslag til terminliste under linken til venstre. Ber om at alle lagleiarar tek ein kikk på den, om noko er feil eller om de har gode grunnar for endringar vil eg gjerne ha dei inn seinast fredag 17. april. Har ungått dagane med Champions League på TV sjølv om dette kanskje ikkje er så viktig no når det beste laget er ute...... Sjekk også sida med kontaktopplysningar. Vi treng og folk til å stå på lista over moglege dommarar, skal serien gå rundt er vi nøydd å ha ein del namn å ta av der. Ingen tvang om å dømma mykje, ein kan sei nei når det ikkje passar! Vil og ha svar på spørsmålet om speletid (sjå under).

25 eller 30 min (14. april 2009)
Vi gjekk i si tid ned på kamptid frå 30 min. omg til 25 min. pga av dommarmangel og at ein dommar skulle kunna dømma td. på Palmafossen kl. 20 og kl 21 i Skulestadmo. Denne problematikken er vel borte no? Skal vi gå tilbake til 30 min. omgangar? Fint om vi får ei tilbakemelding frå lagleiar på dei ulike laga om de ynskjer 25 eller 30 min. omgangar, fleirtalet kan få bestemme dette for årets sesong!

Haugamoen vart lag nr sju (13. april 2009)
Haugamoen er med også i år, dermed har vi sju lag idet vi set sluttstrek for årets påmelding. Sju lag betyr at vi køyrer "vanlig" serie med heime/bortekamp mot alle lag. Det vert 6 kampar i vårsesongen og det same til hausten. Arbeidet med terminlista tek til straks, forslag, med høve til kommentarar frå laga, kjem her på nettsida i løpet av dei fyrste dagane, følg med! Skal prøva å ta hensyn til Champions League kveldane når vårkampane vert sett opp.

Voss Friends påmeldt (13. april 2009)
Då var også Voss Friends påmeldt. Dei har mista spelarar frå sesongen ifjor og har difor fått innvilga dispensasjon for Salar Sardar. Han spelar for Bulken sitt lag i 7. divisjon med får likevel spela for Voss Friends i TeBe-serien dei gongene dei har 8 eller mindre spelarar utanom han. Dermed var seks lag på plass, einaste laget som då ikkje har gjeve lyd frå seg er Haugamoen, fint om dei gjev ei tilbakemelding om dei stiller lag i år eller ikkje! Slik det ser ut no med 6 lag kan det vel vera høveleg med ein tredobbel serie, altså tre kampar mot kvar motstandar, 15 kampar totalt for kvart lag.

Eldar med lag i år? (8. april 2009)
Fjorårets lagleiar på Eldar, Jan Erik Vangsnes, kan diverre ikkje ta på seg lagleiaransvar denne sesongen. Han melder at Eldar truleg kunne klara å stilla lag men er avhengig av at nokon av spelarane i så fall tek over ansvaret for laget! Han ber difor om at ein eller to av dei aktuelle spelarane tek kontakt med han på tlf. 95 80 98 88 snarast. Om ingen melder seg i løpet av dei fyrste dagane stiller ikkje Eldar lag i TeBe-serien denne sesongen.

Rakkarongane (8. april 2009)
I det fristen for påmelding tikkar mot slutten har vi fått med eit lag til: Rakkarongane. Etter det vi forstår eit ungt og fremadstormande lag. Kjekt med nye lag i serien er det uansett, vi ynskjer dei velkomne. Elles ser det pr. no ut til at det vert litt færre lag i år, Hestavangen seier at dei har lagt opp, Eldar og Voss Friends tel på knappane og er høgst usikre, Haugamoen har enno ikkje gjeve lyd frå seg. Me hadde hatt bruk for iallefall eit par lag til....Oppmodar dei nemnde laga om å prøva å få med folk til å stilla lag! Alternativt vert det i år ein serie med tre møter mellom dei ulike laga for å få eit passeleg antal kampar, kjem tilbake til dette når påmeldingsfristen er ute!

Ulvik og Bjørgum er med (6. april 2009)
Då har Ulvik og Bjørgum også meldt seg på til årets serie. To dagar igjen no og vi treng fleire lag, vonar resten av fjorårets deltakarar kjem med sine påmeldingar før dei tek påskeferie!

Ørnar er med også i år (1. april 2009)
Fjorårets seriemeister er klar for ny sesong. Dermed har vi to lag. Minner om fristen for påmelding som er neste onsdag, den 8. april. I fjor måtte heile oppsettet takast på nytt pga. eit lag med sein påmelding, skal svært gode grunnar til for at dette vert gjort også i år. Oppmodar difor laga om å overhalda fristen slik at så det ikkje blir ein heil sesong på sidelina......

Fyrste lag påmeldt (24. mars 2009)
Fjorårets fairplay-vinnarar Viljar vart fyrste lag til å melda seg på i 2009!

Klart for ny sesong (21. mars 2009)
Snøen smeltar og det er snart klart for ny sesong. Vi satsar på seriestart ca. 1. mai. For å få dette til vert påmeldingsfristen i år onsdag den 8. april. Ber om at alle lag som har lyst å vera med i årets serie melder seg på før denne fristen. Vår gode samarbeidspartner gjennom alle år, TeBe Interiør, har nok ein gong sagt ja til å vera vår hovudsponsor, takk til dei for godt samarbeid!

Vellukka fest! (11. oktober 2008)
Trur alle som var med igår hadde ein kjekk kveld. Takk til Nils Asbjørn og Terje M. som hadde laga ein flott quiz, ein verdig vinnar vart kåra nesten utan krangel (Tyskland og Vest-Tyskland er ikkje det same nei!) Var vel 28 mann stillte opp igår, om nokon av dei nesten 20 som var påmelde men ikkje møtte opp har dårleg samvittighet er det fritt fram for å betala inn kr 150,- til 9581.20.63120, var 10-12 pizza som stod og venta på dåke og som vi sjølvsagt må betala for!

God påmelding til fest! (7. oktober 2008)
Har så langt motteke påmelding frå Ørnar, Viljar Voss Friends Hestavangen og Bjørgum og det er påmeldt omlag 45 stk. til festen så dette vert bra.... Kom igjen, det er plass til enno fleire!

Festen (5. oktober 2008)
Festen vert i Viljarhuset på Palmafossen neste fredag, den 10. oktober. Vi satsar på å møtast kl. 19.30. Det vert pizza, quiz om sosialt samvær. Det vert flotte premiar i quizen så her er det berre å sitja heime dei neste kveldane å pugga fotballhistoria!
Det vert omlag kr. 150,- å betala for kvar deltakar, dette dekkar ein del av pizza og husleige, TeBe-serien dekkar restbeløpet. Ber om at lagleiarane tek ein runde med sine lag og kjem med ei tilbakemelding seinast tirsdag slik at vi får oversikt over kor mange som kjem, dette pga. bestilling av mat. Send ein SMS til tlf. 988 83 393!

Takk for i år! (5. oktober 2008)
Då var sesongen 2008 nesten historie, berre festen att. Dei fire første laga på tabellen vann sine kampar mot dei fire nederste, dermed vart det ingen justering på tabllen etter "supersundagen". Ørnar er årets seriemeister, Ulvik vart nr. 2 og nykommar Voss Friends vart nr. tre. Viljar fekk årets nye tittel, fairplay-prisen. Toppscorartittelen gjekk til Rolf Ingebrigtsen, Ørnar, med 25 fulltreffarar. Gratulerar til alle saman. Ørnar har med årets siger teke sin 4 siger sidan starten av TeBe-serien i 1995, dette er same antal som Hestavangen.


Ørnar sitt vinnarlag: bak frå venstre: Steve Clarke, Jan Erik Seim, Bjørn Ove Haukås, Jørgen Kristenson, Frode Aasheim, Frode Klette og Rodrigo. Framme frå venstre. Rolf Ingebrigtsen, Alan Tolley, Knut Olav Nestås, Marius Skeie Petersen og Terje Øye. I tillegg har desse vore med i år: Tor Bakketun, Terje Mørkve, Lars Nesheim Hovda, Øyvind Brattebø, Bjarte Brattebø, Bjarte Bystøl, Tom Erik Jensen, Arnstein Ringheim og Jostein Pedersen.

Toppscorartittelen (1. oktober 2008)
Med ein kamp igjen å spela er det framleis heilt ope kven som får den gjeve toppscorarpokalen. Rolf Ingebrigtsen leiar førebels med 24 mål medan fjorårsvinnar Per Are Halstensgård står med 22 fulltreffarar, kampen står nok mellom desse to. Må minst 11 mål til frå ein av spelarane bak om dei skal koma bakfrå og blanda seg inn......

Klart for innspurt (1. oktober 2008)
Ulvik slo Voss Friends i kveldens toppkamp og sikra seg med det minst ein andreplass. Dei kan framleis, i teorien, ta igjen Ørnar. Dei må i så fall vinna siste kamp medan Ørnar tapar, største bøygen er vel likevel målskilnaden, dei må utlikna dei 21 plussmåla Ørnar har tilgode! Voss Friends er sikra den minste pokalen før siste kamp. Nedover på tabellen har både Bjørgum, Haugamoen og Viljar sjansen til å avansera på tabellen, medan Hestavangen risikerar å bli forbigått. Eldar lyt nok ta til takke med jumboplassen, uansett resultat i siste kamp. Heldigvis for dei er det ikkje nedrykk. Det vert nye sjansar neste år for eit Eldarlag som heilt sikkert vert betre når dei neste sesong er eit år eldre.

Nok ein avlyst kamp (30. september 2008)
Hestavangen klarde ikkje å stilla lag til kampen mot Ørnar. Dermed vert kampen, på same måte som mot Ulvik, sett til 0-0 og poeng til Ørnar. Hestavangen er dermed i grenseland for ein evt. diskvalifikasjon frå serien. Dei reknar med å klara å stilla lag til kamp på sundag, styret er innstillt på å la dei spela denne kampen og fullføra sesongen. Om nokon lag ynskjer å levera protest på dette får vi ta ein ny vurdering!

Facebook (25. september 2008)
Som den moderne og oppegåande serien vi er har vi sjølvsagt eiga gruppe på tryneboka, meld dåke på der og hjelp til med innhaldet så kan det verta ein ok plass å ta opp aktuelle tema....

Sesongens fyrste tap (25. september 2008)
I ein jamn og fairspela kamp mellom Voss Friends og Ørnar måtte Ørnar bita i dei tidlegare omtala og kreftframkallande(?) gummikulene. Voss Friends drog iland seieren med 2-1 og berga med det spenninga i serien inn i sluttveka!

Avlyst kamp (23. september 2008)
Hestavangen har trekt seg frå turen til Ulvik! Kampen blir dermed, som reglane seier, sett til 0-0 og tre poeng til Ulvik!

Vi satsar på fest den 10. oktober (22. september 2008)
Har vore brukbar interesse for ein lita samkome den 10. oktober. Vi får planleggja litt og koma tilbake med detaljar når det nærmar seg litt meir!

Fest (17. september 2008)
Ventar framleis på tilbakemeldingar ang. interesse for ein avslutningsfest. Oppmodar lagleiarane om å ta det opp med laget sitt og koma med ei tilbakemelding!

Fyrste siger og fyrste poengtap (17. september 2008)
På måndag fekk endeleg Eldar sin fyrste siger for året. 1-0 heime i Haugsvik mot Bjørgum. I toppkampen mellom Ulvik og Ørnar, nr. ein og to på tabellen enda det uavgjort igår kveld. Ulvik leia fortent 2-0 til pause men Ørnar kom sterkt utover i 2. omgang og utlikna etterkvart til 2-2 som vart sluttresultatet. Ørnar fekk med dette årets fyrste poengtap.

Fest for spelarar i TeBe-serien (12. september 2008)
Vi syslar med tanken på å få til ein sesongavslutningfest for TeBe-serien! Vi har sett oss ut Klubbhuset til Viljar på Palmafossen som eit eigna lokale. Huset er ikkje ledig helga 4.-5. okt. når dei siste kampane går, dette er og siste helga i haustferien til skulen. Pga. haustferien er det vel kanskje best for dei fleste om vi held på sundag kveld som siste kampdag?
Vi kan få ha festen i Viljarhuset fredag den 10. oktober. (Det er Bømomarsj på sundagen, difor er laurdag kveld ikkje aktuell.)
Vi tenkjer oss ei uformell samling med mat (pizza) og litt god drikke i medbrakte posar.Satsar på å få til ein fotballquiz og evt. litt anna underhaldning. TeBe-serien vil sponsa litt av kostnaden men vi må vel rekna med ein eigenandel på om lag kr. 100,-/150,- for mat og hus, litt etter kor mange me vert!
Ber om at dei ulike lagleiarane tek runden med laget sitt og høyrer om det er stemning for ei slik samling. Det må vera litt interesse for at vi skal gå vidare med arrangementet.
BER DIFOR OM EI TILBAKEMELDING FRÃ… ALLE LAGLEIARAR SEINAST FREDAG 19. SEPTEMBER
med eit ca. tal på kor mange som har lyst å vera med frå dei ulike laga. Send tilbakemelding til teoey@online.no eller tlf. 988 83 393. Ei endeleg påmelding med tanke på kor mykje mat vi må bestilla kan koma litt nærare festdagen.

Viljar er best! (9. september 2008)
Vi kan trygt fastslå at Viljar er dei beste (og nesten dei einaste) til å skriva kampreferat. Trur alle syns desse er kjekke å lesa. Skal vi dømma etter referata er det liten tvil om at Viljarkarane (og damene) har det svært kjekt på fotballbanen, både når dei vinn og når dei tapar. Her er det litt å læra for fleire! Oppfordringa til alle lag no i serieinnspurten vert dermed å skriva nokre linjer om kampane og senda inn til nettsida!

Endring av tidspunkt (7. september 2008)
Kampen mellom Ulvik og Ørnar den 16. september har fått ny tid for kampstart: kl. 19.00.

Flytta kamp (3. september 2008)
Kampen mellom Voss Friends og Ulvik som skulle vore spelt 4. september er flytta til onsdag 1. oktober kl. 21.00 i Skulestadmo.

Styret si endelege avgjerd (2. september 2008)
Styret i TeBe-serien har etter anke bestemt at Alan Tolley, Ørnar og Ahmed Mohammed, Voss Friends, vert utestengt tre kampar kvar etter kampen den 20. august. Kampen vert sett opp på nytt den 25. september kl. 21.00 i Skulestadmo. Styret forventar, slik laga skriv i anken, at kampen vert spela med "fair play" i fokus.

Avbroten kamp (20. august 2008)
Etter ein uheldig episode fem minutt før full tid i kampen mellom Voss Friends og Ørnar valde dommaren å avbryta kampen. Styret tek saka opp til vurdering og kjem tilbake med avgjerd ang. kampen snarleg!

Utsett kamp (19. august 2008)
Kampen mellom Ulvik og Hestavangen som skulle vore spelt idag er utsett. Nytt tidspunkt kjem seinare.

Klart for haustsesongen (16. august 2008)
Då var ferien over og haustsesongen vert innleia i Haugsvik med kamp mellom Eldar og Vljar på måndag. Vonar at alle har funne fram terminlista og er klare til kamp igjen! Vil elles minna om VM i 5ar fotball i Skulestadmo helga 29. og 30. august. Laga i TeBe-serien skulle vel ha alle forutsetningar for å hevda seg både på banen og på den etterfylgjande banketten på Løno..... Påmeldingsfristen er på mandag 18. august.

Sommarferie (19. juni 2008)
Då hadde alle lag spelt sine sju fyrste kampar og kan ta ein velfortent sommarferie. Ørnar toppar med god margin, 6 poeng og i tillegg ein solid målforskjell. Vidare nedover på tabellen er det mykje meir jamnt med berre fem poeng frå andre til femte plass på tabellen. Rapportering av målskorarar har fungert godt. Alle lag utanom Haugamoen har rapportert inn og dei fleste mål i vårsesongen er dermed med på lista. Av 182 scora mål er heile 170 innrapportert med namn, om vi legg til Haugamoen sin ni er det berre tre som manglar og dette er nok sjølvmål som ingen ynskjer å ha namnet sitt knytt til! Totalt er det registrert 54 ulike målskorarar, flest frå Ørnar med heile 12 ulike spelarar på lista. Rolf Ingebrigtsen har teke ei god leiing i kampen om den gjeve toppscorarpokalen med heile 18 mål på dei sju fyrste kampane, men her kan sjølvsagt mykje endra seg i løpet av haustsesongen. 182 mål på 28 kampar gjev eit snitt på heile 6,5 mål pr kamp, mange publikumsvennlege kampar har det vore med andre ord.
Vi vil ynskja alle spelarar ein fin sommar og vel møtt til nye kampar i haust.

Rapportering av resultat (18. juni 2008)
Ber om at laga vert flinkare til å senda inn SMS med resultat etter kampane. Slik det har fungert no i vår er det berre eit par lag som har sendt inn resultata, det hadde letta arbeidet med nettsida ein heil del siste laga vart litt flinkare til dette i haust!

Ørnarsiger i toppoppgjeret (9. juni 2008)
Det var vel aldri veldig spennande i dagens toppoppgjer. Til det var Ørnar for suverene. 5-1 til pause vart 9-1 før sluttsignalet gjekk. No er det berre teori som kan ta frå Ørnar serieleiinga gjennom sommarferien.

Toppoppgjer på mandag (5. juni 2008)
Nok ein runde er ferdigspela og sjølv om tabellen haltar litt med hensyn til tal på kampar for dei ulike laga er det to lag som skil seg ut i toppen. Ørnar og Ulvik er så langt utan poengtap på 5 og 4 kampar. Desse to møtest til dyst i Skulestadmoen på mandag kl. 21.00, eit ekte toppoppgjer med andre ord. Oppfordrar folk til å ta turen oppom og sjå denne kampen!

Flytta kamp (3. juni 2008)
Kampen mellom Hestavangen og Voss Friends som skulle vore spelt onsdag 4. juni er flytta til torsdag 5. juni kl. 21.00 i Skulestadmo.

Flott rapportering (27. mai 2008)
Til toppscorarlista er det god innrapportering! Har registrert namn på 87 målscorarar, i tillegg er det rapportert nokre sjølvmål. Dette er bra når det totalt er scora 94 mål så langt i sesongen. Haugamoen er einaste lag som ikkje har rapportert inn men dei har vel heller ikkje hatt så mange mål å skriva om.......

Hestavangen er med! (27. mai 2008)
Også Hestavangen er med på kampflytting/fest! Fint om også dei siste laga tek saka opp og melder tilbake!

Ørnar klar for fest! (25. mai 2008)
Ørnar hadde denne helga spelarmøte. Der vart sesongen så langt evaluert og taktikken for dei neste kampane spikra. Tanken om flytting av dei siste kampane til tidlegare i same helga med påfylgjande avsluttingsfest har Ørnar si fulle støtte. Kva med ein felles fest? Viljar som kom med forslaget har jo t.d. eit kjempeflott klubbhus, kanskje det kunne vore ein fin arena for ein slik avsluttingsfest? Flott om dei seks siste laga kjem med ei tilbakemelding ang. dette.

Gjesteboka kjem og går litt (24. mai 2008)
Gjesteboka tullar litt for tida! Om Du ikkje kjem inn på gjesteboka, send målskorarar på mail og legg inn i gjesteboka når den er på lufta igjen.

Ulvik og Ørnar i tet (22. mai 2008)
Når begge dei ovanfor nemnde laga har spelt tre kampar er dei framleis utan poengtap. Berre to mål skil dei på toppen av tabellen. Elles er det berre Eldar og Haugamoen som så langt står utan siger. Dei kjem nok sterkare utover sesongen. Laga er og flinke å rapportera inn både resultat og målskorarar.

Fest til hausten? (19. mai 2008)
Nokon (Viljar) planlegg litt fram i tid og har kome med ideen om å flytta siste serierunde som er sett opp sundag 5. oktober til fredag 3. eller laurdag 4. oktober for så å ta ein liten avsluttningsfest etterpå. Sjølv om TeBe-serien sjølvsagt tek sterk avstand frå all kobling mellom seriøs idrett og rusdrikk er det sikkert råd å få til, reknar med at banen er ledig tidlegare i helga også. Fint om dei ulike lagleiarane tek dette opp med laget sitt og gjev ei tilbakemelding i løpet av ei veke eller to. Då får vi lodda stemningen og tek ei avgjerd etterpå. Kom og med ynskje om enten fredag kveld eller laurdag ettermiddag.

Gjesteboka oppe igjen (14. mai 2008)
Etter nokre dagars pause var gjesteboks vår tilbake. Gjesteboka vi brukar er ei gratisløysing som ligg ute på weben og at den tek slike pausar med ujamne mellomrom er dermed utanfor vår makt!

Toppscorar (6. mai 2008)
Dei fleste mål så langt er blitt rapportert inn i gjesteboka slik at vi held orden i kampen om den gjeve toppscorarpokalen. Flott om de held fram å leggja inn målskorarane der saman med ei oppdatert totalliste for laget. Det siste er viktig for å vera sikre på at lista heile tida vert rett (og for å letta arbeidet mykje for redaktøren!)

Kampreferat (6. mai 2008)
Fyrste veka kom det kampreferat frå alle tre kampane som vart spelt, bra jobba. Kjekt for mange å lesa desse. Flott om laga held fram slik, peik gjerne ut eit par skriveføre som kan ta denne oppgåva gjennom sesongen.

Ørnar og Ulvik (6. mai 2008)
har så langt teke to klare sigrar og er dei einaste laga til no utan poengtap. Alle lag utanom Bjørgum har starta sesongen. Ellers har det vore stille på dommarfronten, ber framleis lagleiarane ta eit tak slik at vi får litt fleire på dommarlista vår!

Kampreferat (29. april 2008)
Viljar og Ulvik har vore flinke og skrive kampreferat, flott! Oppfordrar dei og alle andre til å halda fram med det!

Dommarar (28. april 2008)
Skal vi få serien til å gå rundt er vi nøydde til å få tak i fleire som er villige til å stå på lista over aktuelle dommarar. Ber lagleiarane ta eit tak og senda inn liste med namn så fort som råd! Om andre som les dette føler seg kompetente og har lyst å tena 300,- kr på ein time så er det berre å senda ei melding så kjem de på lista. Om ein står på denne lista kan ein sjølvsagt sei nei om det ikkje passar. Får vi mange namn treng det heller ikkje bli mange kampar på kvar.

Serien igang (28. april 2008)
Då var serien igang. Tre kampar ikveld. Ørnar og Ulvik starta godt med klare sigrar, medan Viljar og Eldar delte poenga broderleg. Voss Friends og Hestavangen kjem nok sterkare etterkvart.

Materiellet ferdig (19. april 2008)
Då var materiellet til laga ferdig produsert. Takk til Voss Prenteverk for rask levering. Det vil verta sendt/levert ut til laga på mandag. Har de nokon spørsmål, ta kontakt med Terje Øye på tlf. 988 83 393. Lukke til med sesongen, måtte det beste laget vinna (som dei gjorde det ifjor)!

Terminlista ferdig (16. april 2008)
Då var terminlista ferdig. Programhefta er sendt til trykking. Om alt går etter planen vert dei sendt ut til laga rett over helga ilag med giroar, dommarrekningar etc.

Kampar justert (16. april 2008)
Etter gjennomgang av Ørnar sine terminlister viser det seg at Ørnar sitt kvinner jr. lag har nokre heimekampar kl. 20.00 om kvelden, desse er ferdige 21.45. Vi må dermed unngå dei dagane. Kampar 6. og 27. mai, 17. juni og 26. august er dermed blitt flytta til andre dager same veke i forhold til det fyrste utkastet til terminliste.

Dommarar (16. april 2008)
Ber om at alle lag tek opp innad i laget kven som kan stå på lista over aktuelle dommarar. Treng namn og mobltlf. Sjølv om ein står på denne lista er det ingen tvang å dømma. Ein kan sjølvsagt sei ja eller nei frå gong til gong etter som det passar. Betalinga i år er auka til kr. 300,-, letttente pengar for 50 min god trim.

Terminlista går i trykken (16. april 2008)
Imorgo vert heftet laga ferdig og sendt til trykking. Evt. forslag til endringar må sendast inn seinast imorgo, onsdag, kl. 18.00.

Nytt lag påmeldt (15. april 2008)
Då var lag nr. 8 etteranmeldt til årets serie. Voss Friend's er namnet på laget. Har etter beste evne prøvd å putta dei nye kampane inn i den gamle lista. Dei som allereie har sett over lista treng dermed berre sjekka dei to nye kampane laget har fått. Fint om eg får ei tilbakemelding frå alle lag. Går då gjennom evt. forslag til endringar og kjem med den offisielle terminlista for i år.

Eit lag ekstra? (14. april 2008)
Har fått forespørsel frå eit nytt lag. Sidan vi er ujamnt tal med sju lag til no og kvart lag pr. no får to "friveker" i kvar del av sesongen har eg sagt ja til å prøva å få fletta dei inn. Dei har fått frist ut dagen til å koma med endeleg påmelding. Ny terminliste vil i så fall koma imorgo. Vil prøva å ikkje justera den noverande lista, berre leggja inn to ekstra kampar for kvart av dei noverande laga! Desse vl koma i det som no er "friveker" for kvart lag! Sender melding pr. SMS om det vert to nye kampar for laga!

Forslag til terminliste (13. april 2008)
Eit forslag til terminliste er då lagt ut. Ber om at alle lag tek ein sjekk på den. Kontroller at ditt lag har fått både heime og bortekamp mot dei seks ulike motstandarane. Har prøvd å ta hensyn til alle ynskje både når det gjeld heimebane og kamptid/dag. Nytt i år er at vi prøver å samla serieavsluttinga til ein sundag ettermiddag i Skulestadmo. Dette for å få litt meir stas rundt utdelinga av pokalar til vinnarane. Er som vanleg umulig å halda styr på alle tv-kampar og andre arrangement. Dette får evt. laga ordna seg imellom etter kvart dersom det er naudsynt. Når det gjeld Eldar og Ulvik sine heimekampar utover hausten får dei og evt. justera på tider og kampdagar dersom dei oppsette tidene fører til at det vert for mørkt. Dei andre banane har flomlys. Ber om tilbakemelding seinast tirsdag 15. april dersom de ser noko som er feil eller MÅ justerast av andre grunnar. Fint om de då kjem med framlegg til endring. Vil gjerne ha dette på e-post, litt lettare å halda tråden i det då. Er kjekt om også dei som ikkje finn noko å utsetja sender ei melding slik at eg veit at laget har sett over lista.

7 lag påmelde i år (10. april 2008)
Litt sein oppdatering, Telenor var så vennlege å frita redaktøren for arbeidet nokre dagar..... Arbeidet med terminlista startar no, legg ut eit forslag på sida her så snart forslaget er klart. Vi tek sikte på å starta med dei fyrste kampane i veke 18 eller 19, det vil sei rundt 1. mai. Ber om at alle tek ein kikk når forslaget er klart og kjem med tilbakemelding dersom de finn noko feil eller nokon dagar som Link er ekstra vanskelege å stilla lag på!

Det strøymer på... (4. april 2008)
Tre nye lag idag Eldar og Haugamoen (vidareføring av Gamlameieriet) har meldt seg på. Hestavangen er også på gang, Ståle måtte berre nett ta ein runde og sjekka at folk ikkje var blitt for gamle i løpet av vinteren. Dermed er vi oppe i 7 lag totalt.

To nye lag (3. april 2008)
Ulvik og Viljar har og meldt seg på. Fire totalt til no, treng nokre fleir, kom igjen....

Bjørgum er med! (2. april 2008)
Då var Bjørgum påmeldt som lag nr. 2 i år. Håpar på litt fleire, viss ikkje blir det ein einsformig serie.....

Fristen snart ute! (30. mars 2008)
Hugs påmeldingsfristen den 4. april!!!! Ingen andre enn Ørnar har så langt gitt lyd frå seg.

Sponsorane våre (12. mars 2008)
Nytt av året er at sponsorane våre i tillegg til annonse i terminlisteheftet får logoen sin på framsida her på nettet. Logoane har link til heimesidene til dei ulike verksemdene. Støtt opp om sponsorane våre, dei støttar oss!

Fyrste lag påmeldt (12. mars 2008)
Som fyrste lag i år har fjorårsvinnar Ørnar meldt seg på! Vi satsar på at fleire kjem til etterkvart, ellers vert det litt for enkelt å forsvara det gjeve trofeet!

Sponsorar i 2010:
<