Kampreferat
Her vil det med ujamne mellomrom verta lagt inn nye kamprapportar, vi oppfordrar alle lag til å senda ein mail med kamprapport til webredaktøren! Helst med ein humoristisk vri! Kort eller langt spelar ingen rolle.

Kampreferat frå sesongen 2010:

Granvin - Viljar 10-1 (4-0) 26. august 2010

Mål: Ole M.
Laget: Sondre, Bjarte, Kjell E, Jarl, Ole M, Helge E, Eivind, Jon I.

Innertiar på stortap-spådommen min, diverre. Ikkje mykje å seia....lei og vonbroten, gidd ikkje harselera over monstermaster ein gong. Dagens tommel opp går til den grønkledde Ståle Solbakken-kopien Atle Seim. Er ikkje berre løpesettet som er likt, men også drivet og teknikken til den gamle Vossa-eleganten var hovud, skuldrer og torso over resten. Godt å sjå at ein ikkje treng gøyma seg vekk under ei rot i skogen og venta på fotball-døden fordi ein har runda 40!

Vyrdsamt Helge E. Mæland

Bjørgum - Dale 1-2 (1-1) 24. august 2010

Mål Dale: Rune K. og Trygve T.

Dale: Rune H, Bjørn Terje V, John Rune I, Trond Inge H, Esben H, Johnny F, Roy Anders R, Trygve T, Claus S, Rune K og Christer I.

Lasarus sin smått overraskande oppstandelse for ei tid tilbake, var for småtteri samanlikna med Dale sitt comeback i TeBe-serien tysdag. Etter ein svært svak avslutning på vårsesongen - og ein påfølgjande pinleg start på haustsesongen, var det ein gjeng med topp motiverte idrettsutøvarar som entra Bjørgum stadion. Metereologane hadde gjort ein kjempejobb med vêret, det var opplett og fin stemning.
Kampen begynte som dei ofte gjer når Dale er involvert: Motstandarane skårar før ein heilt er klar over at kampen er begynt. Men Dale kjempa seg inn att, tok over og starta å produsera sjansar. Danske-Claus si dynamitt-heading var til dømes på veg til å kile seg fast oppe i krysset, og slik sett ferdigskåra, då Bjørgum sin solide keeper varta opp med ei Clemence-redning verden ikkje har sett på fleire ti-år. Til slutt vart god innsats krona med hell. Ette litt ping-pong i feltet stupte Rune K fram på eit vis ein ikkje har sett sidan seine kveldar på Pentagon i gymnasdagane tidleg på 90-talet. Det stod 1-1, og kampen vippa faretrugande.
Etter pause spelte Trygve T vegg med vår sindige toppspiss Roy Anders og opna Bjørgumforsvaret som ein makrellboks. Avslutninga var klinisk, som dei ville ha sagt på fjarnsynet. Smått sensasjonelle 1-2 blinka på måltavla, og publikum gispa vantru.
Arbeidsvillige dalespelarar klarte å trygga sigeren inn, trass i sterkt Bjørgumpress på slutten. Utslitne dalingar segna om i lykkerus i det dommar-Gunnar blas i fløyta!
I beste Viljarstil vart det delt ut ein del tomlar opp: 1. Begge keeperane viste stor idrett. 2. Takk til Bjørgum for ein fairspelt og velspelt FOTBALLkamp. Slikt er ikkje vanleg kost på dette nivået. 3. John Rune si tofotsdribling - av to Bjørgumspelarar - som bakerstemann på stillinga 1-2 like før slutt. 4. Dommar-Gunnar gjorde ein flott innsats - med stødig hand loste han oppgjeret i hamn.
Trøtte, skitne og svette sette me oss i bilane med kurs for Dale igjen. Me koste oss med detaljar frå kampen, men i det me passerte Bulken, Hjørnevik, Romslo, Evanger og Bolstad hadde me kassettspelaren i bilen på volum 12 og koste oss med den eine smygaren etter den andre. Me nytte sigeren i lange drag.
Og då me endeleg såg Dalegryta vår att, skein sola frå skyfri himmel. Folk strøymde ut i gatene (?) og framfor Mixn stod det opplaina ein bukett fint kledde damer og kasta konfetti over oss i det med steig ut av bilane.
Det er på slike kveldar ein føler at dei mange tusen treningstimane verkeleg har ei meining.
Det kjem nok kvardagar i TeBe-serien etter dette. Men uansett vil Bjørgum - Dale 1-2 vera rissa inn i historiebøkene - og minna våre - som noko vakkert.
Takk TeBe-serien! Takk Bjørgum!
Mvh Esben H. Dale

Silkefoten FC - Ørnar 1-9 (0-5) 23. august 2010
Stillingen var 0-2 etter 22 min, hvilket Silkefoten var godt fornøyd med. Keeper Øystein var man of the match med strafferedning og 6-7 andre glitrende ferberredninger. Mvh Silkefoten FC

Ørnar - Viljar 10-2 (4-0) 17. august 2010
Mål: Ole M. og Bjarte.
Laget: Odd A, Arvid, Bjarte, Kjell E, Anne M, Ole M, Helge E, Jan A..

Etter vårens sjokkresultat (4-4), er da med stor glede eg kan melda at balansen i universet er gjenoppretta! Resultatet lyg IKKJE, og gjenspeglar perfekt styrkeforholdet mellom topp og botn i "interiør og møbel-serien". Nytt stortap mot Granvin vil tikka inn på resultatbørsen her på desse sidene neste torsdag, før me igjen kan håpa på nokre jevne kampar og, vonaleg, eit poeng eller tre. Dagens tommel opp går til Bjarte som hadde eit knakande flott mål, kanskje til og med kampens gildaste!?

Vyrdsamt Helge E. Mæland

Viljar - Bjørgum Ungegutar 6-9 (2-5) 22. juni 2010

Mål: Bjarte, Helge E., Glenn (2), Ole M., Anne M.
Laget: Keeper-Jarand, Arvid, Jan A, Bjarte, Anne M, Ole M, Helge E, Jon I, Eivind, Glenn.

Som vanleg nok negativt å ta tak i, men da er vel på noverande nedadgåande formkurve ikkje konstruktivt å gjera. So då får me fokusera på da positive; 1) Fint vær og fin bane. 2) Ein aldri so liten ansamling av kvinnelege tilskodara (som rett nok ikkje var der til 2.omgang....forstå den som kan!!). 3) Bra benk der humoren sat laust, godt leda av manager-Tore, som på vanleg bergensk vis strør om seg med sarkastiske kommentarar! 4) Eivind Kvitne, som nok ein gong trefte hovudet mitt med langpasning av millimeter-sorten. 5) Keeper-Jarand, som gir von om ein betre haust. 6) Sommarferie frå TeBe-serien! That's it!! Dagens tommel opp, høgre hand, går til Glenn; vår yrkesmilitære 5-barnsfar tok ansvar over troppane då tosifra imot var meir enn sannsynleg, fira ned det kvite flagget og "vant" 2-0 siste 5-minutts-periode! Ja, ogso hadde han kveldens flottaste mål; elegant hælspark på vårt siste motangrep!! Dagens tommel opp, venstre hand; Dommar-Salar, som truleg er moden for større utfordringar innan pipeblåsar-bransjen enn kva "Bjørgum-20år-og-mykje-yngre" og "Voss-sjukeheim-avdeling-Viljar" kan stabla på beina!? Well done! God sumar til alle!
Vyrdsamt Helge E. Mæland

Referat frå Bjørgum Youngboys

Mål: Fredrik Bidne 5, Anders Kvåle 3, Kjetil Erstad Fjeld 1.
Lag: Keeper Stian Grønås, Eirik Fosse, Kristoffer Gjermo, Mikal Fenne, Rune Grønås, Kjetil Erstad Fjeld, Fredrik Bidne, Pål Akselberg.
Nok ein god kamp av oss som tar den tredje sigeren på 4 kampar. Startar forrykande med 3 kjappe mål. daffar litt av, men så tar me oss bra inn igjen. Mykje fint spel og litt temperatur blei det. Vil skryta av siste målet til Viljar, ei lekker perle med hælen!
Må og gi honør til veldig god dømming av Salar!
Vurdert av Fredrik Bidne

 

Voss Friends - Ørnar 2-3 (2-2) 16. juni 2010

Mål: Samer 1 og Ayad 1.

Lag: Abas, Al Kaisi, Qays, Samer, Ahmed, Gazo, Muyead, Ali, Monder, Mashmish, Salam, Ayad, Shafik, Ahmaed Sabri,
Før kampen begynna har me møta opp med mange spelere.Da va synd for Ørnar at Øyvind Brattebø var skada.I første omgang gav Samer oss ledelsen.Men Ørnar spelte bra og kom tilbake med 2 mål.I første omgang spele Ørnar bestm, men like før pause fekk me eitt mål. Til pause va stillingen 2-2.
I 2 omg. spela Voss Friends veldig bra. Dei va gode både på pasning og markering. Men da va synd, mot mål - fekk ikkje ballen inn!!! Men Ørnar klarte da.Til slutt eg vil takka dommeren for ein god jobb og gratulere Ørnar med seier!
Neste kamp borte mot Dale. Me skal nok komma tilbake sterkare.:-)
Salar  Sardar

Viljar - Ørnar2 7-8 (3-3) 15. juni 2010

Mål: Bjarte, Helge E., Ruben, Ole M., Jon I., Jan A., Dagfinn
Laget: Arvid, Jan A, Bjarte, Anne M, Ole M, Helge E, Jon I, Renè, Ruben, Dagfinn, Hallstein.

Lat da vera sagt med ein gong; detta var ikkje fotball for historiebøkene, kladdebøkene eller eggekartongen du kasta igår! Her var det mykje rart/trist frå begge lag. 15 mål er jo underhaldande nok, men hadde Drillo vore so uheldig at han hadde sett detta, vil eg tru han med eigne kroka fingrar hadde klora ut augo sine i sjokk og vantru! Kan ikkje med sikkerheit seia kva Ørnar 2 gjer på treningane sine, men eg er nok ikkje langt unna sanninga når eg tippar at da defensive arbeidet kun inngår i keeper-treninga.......For Viljar sin del er defensiv fokus ein kjempestor smultring, tja, me trener jo ikkje i da heile for tida, noko resultata gjenspeglar ganske greit!! Dagens tommel opp går til rakkarunge-dommaren, som måtte tåla mykje unødig sutring og gnåling frå begge lag, men kan gå med heva hovud etter å ha forsaka Brasils VM-åpning for 2 x 30 minutter bedrifts-fotball med stor B, stor E, ja, du skjønar.

Vyrdsamt Helge E. Mæland

Viljar - Voss Friends 3-4 (1-2) 10. juni 2010

Mål: Bjarte, Anne M, Helge E.

Laget: Arvid, Jan A, Bjarte, Anne M, Ole M, Helge E, Jon I, Renè, Eivind.

Artig kamp, men med litt mindre temperatur enn tidlegare år, der sjølv Bakkatunane våre oppførde seg eksemplarisk. Vel, innad i vene-laget er det fortsatt heitt til tider. Utan å kunna påberopa meg noko som helst form for lingvistiske evner utover vossamålet, vil eg tru det er to ting våre vener IKKJE bør gjera. 1: enkle forsvarsfeil, og 2: sentra til ein betre (!!??) plassert medspelar når du sjølv er på skuddhald (20 meter og nærmare mål)! å Utfører du ein av desse utilgivelege syndene vil eit halvt snes medspelare, trenar og truleg ogso ein av materialforvaltarane ytra seg med heva toneleie (nokon vil kanskje seia skrika), samt bevega armar so rytmisk og grasiøst at sjølv drevne drillpiker vil nikka anerkjennande! Ypperleg underhaldning detta! Dagens tommel opp går utan tvil til Anne M som fekk sitt fyrste mål (trur eg) på eit perfekt volley-langskot. Velfortent skryt fekk ho med seg heim av motstandarane ogso; gode greier!

Vyrdsamt Helge E. Mæland

.

Tøff kamp mellom Viljar og Voss Friends som hver gang, Viljar var gode men Voss Friends var bedre i denne kampen skjedde 2 ting som ikke har skjedd i TeBe-serien i år: kampens første mål kom etter 3 pasninger mellom Ahmed og Samer, raskeste mål og kvinnelig mål var tøft!

Mvh Ahmed



Bjørgum - Ørnar 4-3 (2-0) 8. juni 2010

Ørnar: Steve, Alan, Tor, Terje Ø, Jan Erik, Øyvind, Bernt, Rolf, Ervin og Marius

Toppkamp på Bjørgum mellom Oldboyslaga til Bjørgum og Ørnar. Det er ofte jamne kampar mellom oss, og så også denne gong. Begge laga har hatt ein god sesongstart, men i forrige omgang tapte Bjørgum for Granvin, medan Ørnar leverte soleklart årsbeste heime mot Dale. Det klarte me ikkje å følge opp, og leverte godt under middels.
Kampen byrja jamnt, men kanskje med eit lite overtak til Ørnar. Ervin hadde eit par store sjansar der begge stolpane, samt ein knallgod Bjørgumkeeper stod i vegen. Ingen nettkjenning i 1. omgang for oss. Derimot scora Bjørgum to, i tillegg til eit langskot som traff tverrliggaren.
Andre omgang starta med Ørnar-press. Me fekk løfta spelet vårt litt, og skapte etterkvart nok store sjansar til at måla kom. To kjappe mål av Ervin ca midtveis, og brått var det det likt.
Men Bjørgumarane var best, i allefall foran mål, denne kvelden, og svara fort med to kjappe mål. Dette vart for mykje å hente inn att, og ein redusert av Rolf, etter langskot frå Frode K, var alt me klarte.
Bjørgum knappa inn på leiinga vår, og sørga for spenning i toppen på TeBe-serien.
Helsing ein småskuffa Marius S. Petersen 

Viljar - Silkefoten FC 6-2 (4-1) 2. juni 2010

Laget: Hallstein, Kjell E, Jan A, Daniel, Dagfinn, Anne M, Ole M og Jon I.

Endelig fikk vi en seier igjen :-). Det har gått litt trått for Viljar etter en glimrende innledning på sesongen, men i dag løsnet det.

Viljar tok tidlig ledelsen etter fine kominasjoner og fin avslutning av Dagfinn. Silkefoten utlignet på glimrende vis med nydelig innlegg fra høyre, og heading inn på lengste. Kampen bølget litt, til Dagfinn igjen slet seg løs på midten, gikk av et par mann og klinte ballen helt oppe i krysset. Litt senere fikk Dagfinn igjen muligheten og fyrte av et skudd som fôr inn helt nede ved stolpen. Helt på slutten av omgangen fikk Daniel stjernetreff, og ballen lå igjen i nettet bak stjernekeeperen til Silkefoten. Omgangen ebbet ut, med 4-1 til Viljar.

Ander omgang startet som første, med en tidlig scoring til Viljar, igjen ved Dagfinn. Etter dette forløp kampen med sjanser til begge lag, og Silkefoten fikk fyrt av et skudd som Keeper Hallstein hadde fingertuppene på, men ikke klarte å styre utenfor. På slutten av kampen kriget Ole Morten inn en ball i målet til Silkefoten. Kampen store spiller var nok Dagfinn med 4 mål. Også honør til Allan for god dømming.

 

For Viljar Tore Landmark  

Ørnar - Dale 9-1 (2-0) 1. juni 2010

Ørnar: Steve, Alan, Tor, Terje, Jan Erik, Frode Aa, Øyvind, Rolf, Ervin og Marius

Toppkamp Skulestadmoen mellom Ørnar og nykommarane Dale. Begge med 4 sigrar, men Ørnar med ein uavgjort mot Dale sitt eine tap. Alt låg til rettes for ein jamn og fin batalje.
Jamnt var det og lenge! Ingen av laga klarte å tilriva seg noko særleg overtak i byrjinga, og det tok ei god stund før det vart skapt åpenbare målsjansar. Etter ca halvspelt omgang fann Øyvind ut at han skulle gjere alt sjølv, og sendte på eigenhand Ørnar i leiinga. På 2-0 scoringa serverte Øyvind, mannen som på 60 minutt i TeBe-serien spring meir enn heile midtbana til Brann har gjort tilsammen heile sesongen, Jan Erik som enkelt kunne sette ballen bak Dale-keeperen. 2-0 haldt seg til pause, men det var ein heilt jamn omgang, der Dale absolutt kunne både ha teke leiinga, og vore àjour.
Andre omgang begynte med Dale-press, men då Ørnar fekk 3-0 og 4-0 ganske kjapt, var spenninga i kampen i realiteten over. Rolf satt i det tredje på pasning frå Øyvind, før dagens mann satt inn det fjerde sjølv. Brattis satt like godt inn tre til, før Frode Aa og Ervin slapp til med kvar sitt mål til 7-0 og 8-0. Dale fekk då sitt vel fortjent trøstemål, før underteikna fastsatte resultatet til 9-1.
Kampen var mykje jamnare enn resultatet tyder på, men effektive Ørnargutar, Steve som varta opp med fleire gode redningar og ein Øyvind i storform som lada opp til kamp med å springa opp på alle sju fjella rundt Bergen på søndag, var nok til at det vart mykje mål til slutt.
Eg reknar med at me får kjørt oss ein heil del meir når returoppgjeret finn stad på Geitabakken til hausten!
Sliten helsing Marius S. Petersen 

Ørnar - Rakkarongane 4-3 (3-2) 25. mai 2010

Ørnar: Steve, Alan, Tor, Frode K, Terje Ø, Jan Erik, Frode Aa, Bernt, Tommy, Rolf, Ervin og Marius

Med fjorårets to kampar i minnet, og med to tidlege mål av Bernt og underteikna, må eg innrømma at håpet og forventinga om eit målrikt oppgjer sneik seg kraftig inn i skallen. Men Rakkarongane viste fort at dei ikkje hadde tenkt å leggja seg flate og la seg overkøyra i denne kampen! Meir spennande kan det knapt bli, og avgjeringa kom ikkje før knappe halvminuttet sto att på dommaren si klokke.

Ørnar byrja best, og scora som nemt to tidlege mål etter det som kanskje sto att som kampen sine to finaste angrep. Men det tok ikkje lange tida før Rakkarongane kom sterkt tilbake med to kjappe mål. Det lukta kanskje frispark til Kletten i forkant av det fyrste målet, men mål vart det etter ein god prestasjon av Rakkarongen. 2-2 kom etter litt ”klabb og babb”, men der bortelaget hadde mange spelarar i angrep og fekk avslutta i mål. Frode Aasheim satte inn 3-2 før pause, og omgangen ebba ut med det.

Andre omgang byrja jamnt, men ikkje mange minuttane ut i omgangen mista me ballen langt nede på eigen halvdel, og etter litt fram og tilbake enda ballen opp i beina på ein av Ongane, som sette ballen kontant i mål frå 8-9 meter. Resten av omgangen var kampbiletet at Ørnar hadde mykje ball, men sleit med å skape dei heilt store sjansane. Rakkarongane låg med fire mann tett bak, og to mann framme som heile tida klarte å skape litt usikkerhet i Ørnarforsvaret. Men etter mykje nesten- og halvsjansar, dei fleste til Ørnar, klarte Ervin, etter fint førearbeid av Terje, å få tåa på ballen og bli matchvinnar!

Me er glade for tre nye poeng, men all honnør til Rakkarongane som var med å lage dette til ein jamn og spennande kamp!!

Audmjuk helsing Marius S. Petersen 

Dale - Ørnar 2 2-2 (andre omgang) 25. mai 2010

Sidan det har vore etterlyst kampreferat frå andre enn Viljar begynner me forsiktig med referat frå andre omgang av kampen mellom Dale og Ørnar 2. 
Laget: Frode S, Rune H, Fred B, Tobias A, Christer I, Tommy S, Rune K, Kristian K, Øyvind V, Johnny F og Ståle H. Esben H var med litt i fyrste omgang, say no more.

Ørnar opna best i andre omgang og sette inn to langskot tidleg. Dale kjempa seg tilbake i kampen, trass i at det var sjette omgangen på sju dagar, og berre ein Ørnarmålvakt som ikkje har gått på Håkon Opdal sin keeperskule og stengene hindra tidleg redusering. Midtvegs i omgangen var det likevel eit langskot som fekk passera og då omgangen såg ut til å ebba ut med knepen Ørnarsiger small det igjen og 2-2 vart resultatet. Me må også ta med at Andre dømde ein god kamp og var utan tvil den aktøren på bana som gjorde færrast feil.
PS1: Ørnar 2 vann fyrste omgang 7-0
PS2: Når ein spelar i TeBe-serien og ledar med ein haug med mål, er det lov å visa godt humør

mvh Ståle Hesjedal, Dale
som sender utfordringa til Ørnar 2 om å skriva referat frå fyrste omgang

Bjørgum - Viljar 8-4 (6-2) 25. mai 2010

Mål: Bjarte, Renè, Sondre, Ole M.

Laget:

Daniel, Jan A, Bjarte, Anne M, Ole M, Helge E, Jon I, Sondre, Renè

Det var heldigvis ein interessant dame-kamp samstundes på andre banehalvdel.
Dagens tommel opp går til Gud som flytta på nokre skyer, og lot sola skine over oss i 2 x 30, sjølv om me diverre ikkje gjorde oss fortent til da.

Vyrdsamt Helge E. Mæland

Viljar - Dale 5-6 (2-2) 19. mai 2010

Mål: Ruben(3), Bjarte(2).

Laget: Daniel, Arvid, Jan A, Bjarte, Anne M, Ole M, Helge E og 4 debutantar; Jon I, Ruben, Sondre, Renè

Rykta om at industri-bygda Dale er i kneståande etter fleire hjørnesteinsbedrifters takk-og-farvel (eg nevner i fleng; Esso-stasjonen), har ikkje påverka fotball-sparkarane negativt!

Fleire av mannfolka såg tvert imot særs velfødde og nøgde ut. Dei leia på eit tidspunkt med 4 mål, men måtte konstatere at Viljar gnog seg innpå og pressa hardt for utlikning mot slutten. Mon tru om ikkje to gonger tretti minutt blir i meste laget når ein ikkje får den daglege dose energi som eksponering for sollys gir? Vart no ein kjekk kamp detta, der me med stor glede endeleg kunne observera jenter på begge lag. Bra Dale!! Dagens tommel opp går til rødstrømpa vår, Bjarte, som tek likestillingskampen inn på kunstgraset; jenta frå revna i fjellet venta nok ikkje at me i Viljar legg HEILE kroppsvekta bak, også i kontakt med lettfota piker!!

Vyrdsamt Helge E. Mæland

Rakkarongane - Viljar 4-2 (2-0) 10. mai 2010

Mål: Ole.M.(2)

Laget: Odd A, Arvid, Bjarte, Kjell E, Anne M, Glenn, Ole M, Dagfinn, Helge E, Fredrik (debutant, som gjorde sakene sine bra!).

Detta kan ikkje beskrivast som noko anna enn eit velretta volleyspark i kveldskosen til dei heimaverande Viljar-damene!! Juniorane viste ikkje geriatri-pasientane nokon respekt, og vann fortent. Nokre gulkledde trudde nok at detta skulle vera peanøtt-poeng, men undervurdering er då beviseleg tilstades på fotballens skraphaug ogso! Når eg no har spela ut undervurderings-kortet, stiller ein til returkamp i haust med rumpa bar....og om ikkje treningsgrunnlag og kampiver er betre enn no, ja då vert da endå ein runde med gruppevaldtekt! So, Viljar-gutar og jenter, møt opp på trening frametter om ikkje hausten skal markera vaselinens tilbakekomst på Palmafossen!!

Treningskameratane våre gjennom siste året får tommelen opp denna gongen. Viljar kan stappa tomlane ein heilt annan plass, og skamma seg!

Vyrdsamt Helge E. Mæland

Viljar - Granvin 4-3 (2-3) 4. mai 2010

Mål: Dagfinn (2), Bjarte, Ole.M.

Laget: Odd A, Arvid, Jan A, Bjarte, Kjell E, Anne M, Eivind, Ole M, Dagfinn, Helge E, Daniel(debutant; bra jobba!).

Vel, vel, vel.......sjokk-resultata kjem "thick and fast" i årets utgåve av feinschmecker-serien med førenavnet TeBe! Av ein eller anna uforståeleg grunn verkar da som lokalavisa vår, (Hordaland, ja), prioriterer bagateller som kraftutbygging i Raundalselva, og lesarinnlegg frå alle vossingar, OG tantene deira, om same tema, ISTADENFOR brei og hemningslaus dekning av 4-4 kampen mellom Ørnar og Viljar!! Skandale!! Journalistane der kjenner ikkje att ein sensajon om han hoppar opp og heng i nasehåra deira! Nu vel, idrottslaget Viljar arkiverer det poenget i mappa "Sweet". Og om ikkje det skulle vera nok; dei grøne førehandsfavorittane frå Granvin vart sendt tebake te slakteriet sitt som, jepp, slakt.....eller om du vil, tebake te sagbruket sitt som slikt spon du strør over komposten din! Me frykta det var fjorårets Ulvik under nytt namn, eller returen til storlaget frå Granvin for enda nokre år tilbake. Det var heldigvis ingen av delene! Kanskje det var sønene til nevnte storlag som var ute for å visa at "epler som fell kan trilla langt vekk frå stamma når treet står i ein bratt skråning"! Nei, Granvin var absolutt bra dei, men med litt tur og ekstra innsats kan tvilsame jenter med bløde konsonantar vinna prinsar og delar av kongerike lika lett som Viljar kan grusa overmakta! Av artige episodar (og dei er da, som vanleg, nok av) i kveldens kamp, må fylgjande trekkast fram: Eivind Kvitne vs "halparten so stor fjording". Hadde denna gravensaren fulgt med i fysikktimane hadde han truleg sluppe unna ei vitjing hjå tannlekjaren sin for å fjerna fastlåste svarte granulatkuler frå tanngarden sin! Når to objekt er på kollisjonskurs med lik fart, er vekta av massen svært avgjerande for kva retning desse objekta tek etter samantreff. Konklusjon: Eg vil tru at "halvparten so stor fjording" brukte bilbelte på den lange vegen heim att!!

Dagens tommel opp går til Odd A., som sporty stilte kroppen sin til keeper-disposisjon, og likagodt stod som ein yngre og spenstigare utgåve av Keeper-Tore! kkje misforstå Keeper-T; me ynskjer deg velkomen tilbake når kneet er byta ut med nokre godsaker frå NASA!

Vyrdsamt Helge E. Mæland

Kampreferat frå sesongen 2009:

Rakkarongane - Viljar 1-3 (1-2) 17. august 2009

Laget: Keeper-Tore, Glenn, Jan-Asle, Arvid, Helge-Erik, Bjarte, Anne-Marit, Dagfinn, Ole-Morten og Kjell-Erik

Endelig!!!!

Viljar-gutane, og jenta, kunne juble for årets første seier etter 3-1 over Rakkarongane.

Vi startet bra, og spilte fin fotball og produserte en del store sjanser. Vi tok ledelsen etter et hjørnespark, som Bjarte ekspederte videre i mål. Viljar fortsatte og presse på, og fikk betalt da Dagfinn satte inn 2-0 etter fint kombinasjonsspill. Etter dette stod stangen i vegen et par ganger, samt en god rakkarkeeper flere ganger. På slutten av omgangen presset ongane litt på, og fikk betalt med et pent mål, som ble headet inn etter et fint innlegg fra høyre.

Andre omgang startet som første, med Viljar press og store målsjanser. Nok en gang stod stolpene i vegen et par ganger, og rakkaren av en keeper vartet opp med storspill og flere gode redninger. Men til slutt måtte også rakkarkeeperen gi tapt, og Dagfinn satt inn sitt andre for kvelden. Bak på banen hadde vi stort sett kontroll, og siden vi har lært Glenn at det ikke er offside i 7-er fotball, så jobbet han hjem og ryddet opp i bra stil, sammen med resten av forsvaret og keeper-Tore. Rakkarongane hadde et par småfarligheter i 2. omgang, men seieren var aldri truet. Alt i alt en godt gjennomført kamp av Viljar, og en særdeles fortjent seier.

No ser vi frem til kamp på et nye kunstgraset på Bjørgum.

For Viljar Tore Landmark 

Voss Friends - Viljar 1-1 (1-0) 8. juni 2009
Mål: Dagfinn (fint driv og velplassert langskot ved stolpen).

Laget:  Keeper-Tore, Keeper-Kjartan, Arvid, Jan A, Bjarte, Kjell E, Anne M, Glenn, Sverre M, Eivind, Ole M, Frode, Dagfinn, Manager-Helge (Nils A er frå no kjent som Ass Manager).

Som vanleg var da sydlandsk steming og temperament, med alle plussar og minusar da måtte medføra for oss stivfrosne fenalår. E jo fyrst og fremst berre å smella tenner og tær i taket og jubla hemningslaust over poeng numero uno i år. Av ein eller annan merkelg grunn står me godt te venene våre. Dei hadde som vanleg dei største sjansane og dårlegaste skota, men i fyrste halvdel i andre omgang spelar me dei ut i krattskogen. Vaksdølen vår på midten var drivande god då, og hadde ikkje manageren tatt deg av for nokre nedkjølande minutter, so kunne me kanskje ha tatt tre pinnar? Kameratane våre likte nok ikkje utviklinga i kampen på dette tidspunktet, og da vart nok litt meir småampert enn ynskjeleg er. Bakkatunane våre var litt varme i penthousen, hands up der, men da blir for peanøtter å rekna samanlikna med taklinga/overfallet Friends sin stjernespelar satte inn på Bjarte! Hadde han brukt lika mykje kraft og presisjon i avslutningane sine, hadde dei kanskje vunne!? Heldigvis sjeldan å sjå slikt på alle nivå i fotballverda. Når da er sagt so er engasjementet dei, og til tider me, viser heilt topp. Detta er jo absolutt ein av kampane me ser framimot! Ellers gledeleg å notera at me endeleg har to målvakter frå øverste Te-Be-hylle; backup på alle plassar og følgeleg ein komplett stall. Ingen transfer-aktivitet trengs i sumar for å klatra på tabellen; opp og fram for Konge, Fædreland og Flaggets heder! Dagens tommel opp går til Sverre M., som idag viste at kroppen har byrja å tina opp etter ein kald vinter/vår. Takk til kiropraktor-miljøet på Voss! Ein sehr gut ogso te dei tre rullerande forsvararane våre; Glenn, Eivind og Jan A.

Vyrdsamt Helge E. Mæland

Viljar - Ørnar 3-8 (trur eg) (1-4 kanskje...) 2. juni 2009
Mål: NN (medynk-mål som keeper lot Viljar få for å retta opp urettvist Ørnar-mål; applaus for den!), Bjarte (glir igjennom og set sjølvsagt ballen forbi den sjokk-gulkledde målstoggaren; er verkeleg ikkje fin den metallic-farga ponchoen rikmannsklubben Ørnar har erverva!!), Arvid ( raidar venstresida og set ballen kontant i nærmaste hjørna. Han jubla høgt for den, og da skjønar me godt; bra jobba.)
Laget: Keeper-Tore, Arvid, Jan A, Helge E, Bjarte, Johnny, Nils A, Kjell E, Håkon (god betring; den strekken såg verkeleg lei ut!!).
Som vanleg ikkje meir å ta med seg heim enn sko fulle av svarte, små gummikuler etter Ørnar-vitjing. Vel, sjølv om ein føler seg litt valdteken, e da jo som vanleg nok av merkelege situasjonar å humra av. Kanskje ikkje lika lett for alle å smila mens da står på (Jan A. og Keeper-Tore; da e truleg ikkje verdt å spretta blodkar i augo eller setja internasjonale blodtrykksrekordar på småfine sommarkveldar i vakre Skulestadmoen), men ein kan jo trøysta seg med at Drogba nok hadde tatt sin død av ein slik kamp. Skal skunda meg å legga til at potetbingar på stylter, som snakkar/sutrer, nok ikkje er dei lettaste å dømma! Resultatet er det diverre ingenting å seia på, og smultringen gapar mot oss etter nesten ferdigspela vårsesong; skandale!! Den fine fjorårssesongen blir vanskeleg å repetera......kanskje ein kamp mot rakkarungar kan snu trenden? Me, som dei, ser framimot den seansen. Bring it on!!!

Dagens tommel opp går til Nils A., som gjer ein flott kamp OG rekk å lira av seg eit snes eller so med gode kommentarar undervegs. Smilet mistar me ikkje sjølv om Ørnene ligg på ryggen vår og pustar tungt! Sweet!
Vyrdsamt Helge E. Mæland


Ulvik - Viljar 4-2 (2-1) 25. mai 2009
Lag: Tore, Odd Arild, Jan Asle, Håkon, Frode, Arvid, Sverre, Bjarte, Ole Morten og Kjell Erik

Må vel bli treningskamp nummer 3 for Viljar dette, i 2009, og vi nærmer oss toppform. Kampen mot Ulvik var jevn og underholdende og til tider var det mye bra spill fra begge lagene. For første gang i år så det ut som Viljar var interessert i å spille fotball, og vi produserte flere gode sjanser, men uten å klare å sette ballen i nettet. Vi lot Ulvik score mål først, vi var jo tross alt gjester. Etter det scoret Sverre et nydelig mål. Så var det et vådeskudd fra Ulvik som desverre skiftet retning i Sverre og fintet Viljar sin keeper langt opp på tribunen (hvor han satt helt alene og så ballen lande i nettet. 2-1 til pause.

Etter pause laget Ulvik 2 raske mål. Etter det bølget spillet frem og tilbake, og Bjarte hadde en kanon som traff undersiden av tverrleggeren, men fant dessverre ikke veien til nettet. På en corner fra Kjell Erik dukket imidlertid Bjarte opp og headet knallhardt i noten.På slutten presset Ulvik på for flere mål, men en opplagt Viljarkeeper ryddet opp. Ingen flere mål før dommeren blåste av, og 4-2 var et faktum.

For Viljar Tore Landmark

Ulvik - Rakkarongane 11-2 (4-1) 18. mai 2009
I sin første hjemmekamp impornerer Ulvik med mange sjanser men veldig liten uttelling. Det begynte ganske dårlig med mange feilpasninger og dårlige skudd på mål. Rakkarongane kommer igjennom på en kontring og de scorer på sin første store sjanse. Jubelen står i taket,  men det tar ikke lang tid før Ulvik igjen er frempå og denne gang klarer de endelig å putte ballen i mål. Rakkarongane sliter bakover og må ha hjelp av Ulvik på målstreken for å ikke slippe inn mål. Etter førsteomgang må Ulvik nøye seg med 4 mål mens Rakkaongane ikke klarer mer enn 2-3 sjanser og 1 mål. Andre omgang er så vidt startet før Ulvik igjen er fremme og scorer. Rakkarongane viser igjen svakheter i forsvaret som Ulvik lett utnytter og scorer på de sjansene de får. Det virker som Rakkarongane spiller med regelen "siste mål vinner" for når de på stillingen 10-1 scorer et mål jubler de som om de har vunnet kampen. Men ulvik gir ikke opp og stillingen til slutt blir 11-2 til Ulvik som var fortjent med hensyn til alle sjansene. Rakkarongane kan bli farlige hvis de blir litt mer samspilt og ikke løper rundt som en saueflokk på banen. Der de har mange gode enkeltspillere. Nå må det også nevnes at en av Rakkaronganes beste spiller spilte på Ulvik ifjor.
Jostein Thorsen

Haugamoen - Viljar 9-4 18. mai 2009
Laget: Tore, Odd Arild, Glen, Jan Asle, Eivind, Håkon, Johnny, Sverre, Dagfinn, Bjarte, Arvid, Ole Morten og Anne Marit. Frå sidelinja: Kjell Erik og Nils Asbjørn

Treningskamp nr. 2 i 2009. Me er i framgang om ikkje resultatet viser heilt det. Me vert altså slått av eit lag som stiller med 8 mann, og me er 15! Ein skal aldri undervurdera ein kunstgrasbane. Me stressar meir enn me spelar fotball, og det gjer at me spring mellom og dei får spela ball. Det er ikkje noko anna å skrive enn at me lyt trena meir og verta meir samspelt. Manager Lie fekk sparken midt i andre omgang, kanskje like greit.
Langt mellom høgdepunkta, men trur at lufta gjekk litt ut av Frode Helland då han sprang rett på bautaen vår frå nord. Du får ta eit bilete av brøstet på ronken og senda rekning til Tebe serien!
Vyrdsamt ein manager med dårleg statistikk
Nils Asbjørn

Viljar - Bjørgum 0-2 (0-1) 12. mai 2009
Lag: Tore Landmark i mål, Glen Rasmussen, Odd Arild Kyte, Nils Asbjørn Lie, Eivind Kvitne, Ole M. Bakketun, Arvid Bakketun Kyte, Bjarte Djønne, Sverre Hernes, Helge Erik Mæland og Dagfinn.

Så var me i gang med årets fyrste kamp, og den bar absolutt preg av at me ikkje hadde spela treningskampar i år. Men no er me i gang og det manglar ikkje på kreative løysingsforslag fram mot neste kamp. Viljar vert nok eit lag å rekne med i år også, men usikkert når! Det er for jævlig at eigen keeper skal verta bestemann (han skulle ha sluppe å vera så aktiv), men takk til Tore for at han stod rett plassert når me slapp dei alt for lett gjennom. Det sit langt inne, men Bjørgum hadde meir flaks enn oss og vann dermed kampen. Dei var ikkje bedre, men hadde tydeleg ein fyrste "treningskamp" i beina (dei tapte no meir enn oss i sin fyrste kamp).
Me ser fram til neste kamp, for me har eit hav å gå på i høve oppnådd resultat. Meir prat ute på bana og mindre på sidelinja hadde ikkje gjort noko.
Til neste kamp;
Vyrdsamt
Nils Asbjørn Lie

Kampreferat frå sesongen 2008:

Ørnar - Viljar 3-2 (2-1) 22. september 2008
Mål: Dagfinn 2 (bra spel og flott mål, straffespark).
Laget: Keeper-Tore, Arvid, Jan A., Helge E, Odd A, Amund, Dagfinn, Ole M., Bjarte, Glenn, Eivind.
So var ikkje Ørnar Ûbermensch i TeBe-verda likavel! Etter å ha blitt tvangsfora som ein gjeng sprekkferdige gjess 11 gonger i vår, var dagens resultat og spel sjokkerande positivt for Viljars vedkomande. Javel, kanskje mangla dei nokre sentrale spelara, men da gjorde me ogso. Taktisk fungerte den klassiske 3-3-0 oppstillinga framifrå. Når da offensive spelet ogso fungerte ok, kan me ikkje anna enn å stikka fingeren i plastgras og kreftframkallande gummikuler, og konkludera med at detta var eit tap me leve godt med. Etter den avgjerande 3-2 scoringa nokre minutt før slutt, pressa Viljar faktisk hardt for utlikning, og hadde kanskje fortent eitt poeng mot panikkslagne Skulestadmoara!?
Hadde spionane (jepp, ikkje ein, men TO!!) frå Voss Friends sett ferdig heile kampen, ville nok ekstra treningar før neste mandags kamp vore naudsynt!!?? Trur nok dei kjem til å toppa laget frå start denne gongen..... Som i fjor haust får me avslutta med å takka Ørnar og dommar for ein artig kamp! Well played!!
Vyrdsamt Helge E. Mæland

Ulvik - Ørnar 2-2 (2-0) 16. september 2008
Toppkampen i Holmen i Ulvik, mellom serietoar Ulvik og serieleiar Ørnar på tirsdag. Alt låg til rette for ein jevn og tett kamp, og det vart det. Ulvik gjekk knallhardt ut og pressa Ørnar bakover på bana. Spesielt lure bevegelsar frå Ulvik-spissane, med gode løp bak forsvarane våre, gjorde det vanskeleg for oss i første omgang. Heimelaget vart belønna med 2 mål denne omgangen, men det kunne fort stått både 3- og 4-0 til pause. Ein begredelig omgang sett med Ørnar-auger.
Me fekk justert oss litt til andre omgang, og la press på Ulvik frå starten av. Dette førte ganske fort til redusering til 1-2. Frode Aasheim scora på eit velplassert skudd. Resten av omgangen var ganske jevn, men med eit visst overtak til oss. I allefall sjansemessig. Ikkje mindre enn ( men kanskje fleire?!) 4 avslutningar i stolpane understrekar dette.
Utligningen til 2-2 kom nokre minutt før slutt på eit knallhardt langskudd av Frode Klette! Klokkereint treff, som Ulvik-keeperen ikkje klarte å hindre gå inn!
Me måtte for første gong i år gå av bana etter å ha avgitt poeng, men må vel sei oss fornøyde med resultatet med tanke på årsverste i 1. omgang. Dommar for dagen, Odd Rolland, gjorde ein grei figur, og hadde godt humør og gode kommentarar på lur sjølv om det ”gjekk litt varmt” for enkelte spelarar ved eitt par høve…
Mållaus helsing Marius S. Petersen 

Bjørgum - Viljar 1-3 (0-3) 4. september 2008
Mål: Ole Morten 2 og Sverre
Laget: Keeper-Tore, Odd Arild, Jan Asle, Sverre, Bjarne, Trond Herfindal, Ole Morten, Evind og Nils Asbjørn
Det har tatt nokre dagar å få i stand kampreferatet, men etter ein seier med så god smak kan det lønne seg å tenkje seg litt om... Å… seia at Bjørgum var gode kan me ikkje gjera, om dei aldri så mykje prøvde og ville. Det gjekk dårleg med avslutningane deira og det med god margin, kven eller kva som forvirra dei skal vera usagt. Nok om Bjørgum, over til det positive. Me gjennomfører taktikken slik me vart samde om, trur det var på ei sosial samkome i vinter ein gong. Ingen hugsar noko, og det vart difor samba fotball med lokal vri. Kampvilje og uttelling på sjansane som me ikkje ofte ser! Sjølv med nokon av våre såkalla sterke kort ute til sjøs eller på fødeklinikk, så klarar me å dra i land ein lagsiger på høg moral og knallhard jobbing (at dette referatet no vert skrive etter at me har "tapt" for Haugamoen, har sjølvsagt ingen verdens ting å bety).
Alle som var med denne kvelden fortener verkeleg ros for god innsats! Sjølvskryt skal ein høyra på, det kjem frå hjarta.
Vyrdsamt Nils Asbjørn Lie

Viljar - Haugamoen 1-1 (1-0) 8. september 2008
Mål: Dagfinn (flott skot i nedre hjørne; flott av debutanten!).
Laget: Keeper-Tore, Arvid, Jan A., Helge E, Odd A, Sverre, Dagfinn, Ole
M., Bjarne.
Utan å ha sett Ørnar-Voss Friends, vil eg tru at kveldens kamp var motpolen!? Eg vil gå so langt som å kalla detta alle "fair-play"-kampars tipp-oldemor! Sjekk her: Eitt frispark og null, ingen, absolutt nada kommentarar te dommaren!! Slå den! Når eine laget i tillegg får låna ein av det andre lagets spelar for å fylla opp 7-ar kvoten, e da berre å bøya seg i elefant-møka på Palmafossen. Definitivt ikkje TeBe-seriens to beste lag, men absolutt av dei bedre, om de skjønar kva eg meiner. Ekstra skryt skal Arne Moen og Nils Asbjørn Lie ha....Viljara av beste sort!
Vyrdsamt Helge E. Mæland

Viljar - Hestavangen 1-4 (0-4) 28. august 2008
Mål: Arvid (stussar eit langt kast i må med hovudet; måltørken over!).
Laget: Keeper-Tore, Arvid, Helge E, Odd A, Bjarte, Hallstein, Olav, Anne
M, Glenn, David, Bjarne.
1. omgang: Svovelluktande dårleg; case closed! Gode Gud, me har synda.....
2. omgang: Ballettskoa er bytta ut med meir passande fottøy, og handa til mor er sleppt! Me vinn fortent denne halvleiken 1-0 og tek da med vidare i søken etter poeng andre stadar enn mot hestane......kjem nok diverre til å slita med å slå dei så lenge dei stiller sju vaksne med tilsaman fjorten bein!?
Dagens skryt får gåtil Bjarte som har nokre kanonskot verdig betre arenaer enn detta...og litt skryt må då også sjølvsagt gå til shot-stopper Ståle Rørlien, som diverre ikkje har gløymt kunstene som gav han gode Vossa-kampar på 80-talet (eller var det 70-talet...he-he)! Tommelen opp for Nils Asbjørn som nok ein gong ofrar seg og tek fløyta. Ellers godt å sjå Anne Marit tilbake, samt debutant Glenn; well done!
Vyrdsamt Helge E.Mæland

Eldar - Viljar 5 -5 Haugsvik, 18. august kl. 19.30
Laget: Tore, Odd Arild, Jan Asle, Bjarte, Nils A., Hallstein, Arvid, Ole, Helge Erik
Mål: Helge Erik Mæland, Bjarte Djønne (2), Arvid Bakketun Kyte, Ole Morten Bakketun

På ein halvslått bane vert det sommartrente veteranar mot ungdommen. Det vart ein tung affære, men me kom oss igjennom det med æra i behold. Me kunne, på samme måte som dei kunne, fort ha vunne kampen. To gigantar i kvart sitt mål gjer sitt til at det endar uavgjort 5-5.
Dei tek leiinga 1-0, men så tek me over og fører an med å leia 2-1, 3-2, 4-3 før sluttresultatet altså vert 5-5. Ikkje så mykje meir å seia enn at det er på tide å byrje å trene igjen.
mvh Nils Asbjørn Lie

Ulvik - IL Viljar 7-3 (5-1) 12. juni 2008

Mål: Ole M (fyrste Viljarmål; grattis!),Bjarte (heading på corner), David I (avslutta eit gildt angrep med eit kontrollert skot frå kort hald).
Laget: Keeper-Tore, Jan A, Helge E, David I, Ole M, Odd A, Bjarte, Bjarne.

Det vart som venta godt om plassen i bilane som tok den lange turen gjennom fjellet til turist-metropolen Ulvik. Dei som reiste fekk diverre ikkje kryssa sverd med feite amerikanarar, Lars Sponheim eller knøttsmå asiatar. Ulvikjene, og muligens nokre gravensara, var altfor kvasse i ein noko svart 1.omgang for vårt vedkomande. Einaste lyspunkt var Ole Morten sitt fine mål...kan sovisst ikkje berre bil desse Bakkatunane! Men om fyrste halvdel va langt frå EM-fotball, var siste 25 minutter ein gedigen opptur, og bortimot årsbeste offensivt. Flust med store sjansar etter godt Viljar-spel (men fortsatt eit ørlite stykke frå Sveits/Østerrike!), og med litt betre utteljing (og mindre gras-tuer/botnlause hol!) hadde resultatet vorte mykje finare. Vel, god innsats av alle som vitja fruktbygda idag. Og når Ulvik kjem te Palmafossen i haust, med dei gule draktene sine, kan me lova dei nokre vestar størrelse "jenter 7 år"...som takk for sist! Til slutt, for å visa at eg eigentleg ikkje er sur fordi me i Viljar muligens er noko over gjennomsnittleg "kraftige"; da flottaste målet, scora mot oss i Tebe-serien (og da e maaaangen!!), gjorde Ulvik sin Ronaldo i 2.omgang....me bøyer oss i gras-frøa; kanonmål!!
God sommar!
Vyrdsamt Helge E.Mæland

Voss Friends - IL Viljar 0-2 (0-2) 10. juni 2008

Mål: Bjarte Djønne og Odd Arild Kyte
Laget: Tore Landmark, Odd Arild Kyte, Jan Asle Torstad, Arne Moen, Tor Håvard Brekke, David Inge Tveito, Bjarte Djønne, Helge Erik Mæland, Nils Asbjørn Lie, Arvid Bakketun Kyte og Ole Morten Bakketun

Me skal nesten ikkje gjera anna enn å skryta av forsvaret vårt i dag; Tore "står i vegen" for alle skudd, Jan Asle jobbar og slit og Odd Arild held oss inne i kampen til dei grader. At me havnar litt meir bakpå i 2. omgang må me ta litt av skylda for sjølv. Samtidig er det heilt OK då dei får innpå eit sett med friske bein som kunne ha laga problem for oss. I 1. omgang er me klart best og kunne nok ha scora fleire mål.
Odd Arild tar frispark frå midtbana som går i fin boge over heile forsvaret og inn i mål. Kanskje var keeper såvidt på den ballen, men i realiteten sjanselaus. Litt småampert til tider, men det var kanskje ikkje meir enn venta. Så lenge me vinn så er me nøgd.
Torsdag er det Ulvik - håpar dei er forberedt på grisebank. Dei veit ikkje kva dei har gjort når dei har gått med på å utsetje kampen..........
mvh Nils Asbjørn Lie

IL Viljar - Ørnar 0-11 (0-4) 2. juni 2008

Laget: Tore Landmark, Odd Arild Kyte, Jan Asle Torstad, Nils Asbjørn Lie, Bjarne Klette, Bjarte Djønne, Hallstein Vinje, Arvid Bakketun Kyte, Helge Erik Mæland og Arne Moen

Me er gode, me spelar i Tebe serien, me fekk ikkje frispark, me hadde ei duskedame og me kunne ha scora mål men ville ikkje.
Till next time
mvh Nils Asbjørn Lie

Haugamoen - IL Viljar 0-4 (0-3) 19. mai 2008

Mål: Bjarte Djønne (2), Helge Erik Mæland og Nils Asbjørn Lie
Desse var med: Tore Landmark, Odd Arild Kyte, Jan Asle Torstad, Anders Ekehaug, Arne Moen, Trond Herfindal, Bjarte Djønne, Helge Erik Mæ¦land, Tor Håvard Brekke, Hallstein Vinje, Ole Morten Bakketun og Nils Asbjørn Lie.

Såg ikkje duskane, men det var to damer der som heia på oss!!!!

Nesten historisk kamp i kveld, med tendens til storseier og at me held nullen. Alle er interessert i å visa at me verkeleg kan spela fotball, og pressar motstandarane bakover på bana frå fyrste spark. Hadde det ikkje vore for at dei hadde ein svært så god keeper (som visstnok har vore vurdert av eit storlag i Aust Europa ein gong i tida), så kunne dette ha vorte stygge siffer for Haugamoen. Han held dei delvis inne i kampen med mange gode redningar (nei me saknar ikkje deg Arvid...), og me får ikkje til å avslutte skikkeleg. Me lyt nemna naboen sitt raid; Helge Erik kjempar til seg ballen på eigen banehalvdel, smyg seg mellom to motstandardar og før den tredje får sett inn ei skikkeleg takling så har Helge lagt breisida til og plasserer ballen oppe i hjørna til høgre for keeper. For ein prestasjon. At du avsluttar med ein halv nelson med skru og rullar ut av situasjon gjer det heile spektakulært....
At me ikkje scorar fleire mål er litt synd, for til tider er angrepsfotballen heilt etter læreboka og det var morosamt både å sjå på og vera på bana. At me får nokre gule kort og 1,5 frispark kvar gong i mot oss, får me sjå på som eit teikn på at me jobbar og gjer det vanskeleg for dei.
Lyt nesten skryta litt av forsvaret og midtbane i dag som jobbar og står på nesten over evne etter kommando fråsidelinja! Alle er tett oppi sine markeringar og gjer at dei ikkje får til åspela ball. Så utan eit godt forsvar i dag, hadde me kanskje fått det tøffare. Trur Per Ivar på sidelinja for Haugamoen vart litt sjokkert over at me kunne skrika meir enn han.....
Veit ikkje kor du Sverre var han, men at du ikkje stiller når me har tenkt å driva med storspel og hanka årets viktigaste seier er vanskeleg å forstå. Når du i tillegg sender ein representant frå familien for å spionera, vert me litt mistenksomme!
No er det berre opp og fram som tel (me har jo ein til kamp mot Haugamoen til hausten)

Vyrdsamt Nils Asbjørn Lie

Viljar-Bjørgum 1-2 (1-1) 15. mai 2008

Mål: Bjarte Djønne (fint skudd nede i hjørna gav han mål nr.2 for sesongen).
Laget: Keeper-Tore, Jan A, Helge E, Sverre M, Ole M, Trond, Odd A, Arne, Bjarte, Hallstein, Anders.
1.omgang: Avspark, mål til Viljar, kast, kast, kast, stygg skade Bjørgum, kast, kast, stygg skade Viljar, kast, kast, pip. Ein plass inni denna orgien av kast scora Bjørgum ogso.
2.omgang: Same shit minus skadar og Viljar-mål. Einaste ein sit att med etter denna kampen er vel eit brennande ønske om å lata såpeseriar på formiddags-TV, Sør-Amerikansk litteratur og rosemaling få ein ny sjanse. Til slutt ein advarsel til bilistar som ferdast i områder der Bjørgum spelar; sjå opp for ballar frå himmelen, samt menn med hanskar på jakt etter desse!!
Vyrdsamt Helge E.Mæland

Hestavangen - Viljar 4-2 (2-0) 8. mai 2008

Mål: Bjarte (hardt og flott skudd opp i hjørna), Arvid (fri på 1 meter etter fint småspel).
Laget: Keeper-Tore, Jan A, Arvid, Helge E, Sverre M, Ole M, Trond, Odd A, Arne, Bjarte, Hallstein, Nils A, Bjarne.
Beste laget vant nok denna gongen ogso, men året som har gått tyngar nok mest i heste-stallen! Veit ikkje om da e rabies, skrape-sjuke eller Creutzfeldt-Jacob som har herja i flokken, men færre og meir overkommelege er dei blitt! Dei kan fortsatt slå betre pasningar enn oss, men dei spring ikkje mest og fortast lenger (vel, kanskje untattt Frode Helland?). Starten og slutten av kampen tilhøyrte Viljar, og med litt flaks kunne me kanskje ha lurt med oss eit poeng!? Taktisk byrjar me iallefall å henga meir med. Då T. Knapstad klokeleg lot denna kampen verta spela av andre, kunne Nils A konsentrera seg om å styra skuta frå sidelinja, istadenfor å fullføra drapsforsøket frå samme bane ifjor! Greit å ha ein kyndig mann med stemma i orden på sidelinja....ein spring jo verkeleg fortare i medvind! God pinse, og velkomen Bjørgum Old Boys til eit heidundrande lokaloppgjer på Santiago Palmafossen!
Vyrdsamt Helge E.Mæland

Ørnar – Eldar 11-3 (3-2) 5. mai 2008

Nok ein mandag, og nok ein kamp for gulljagande Ørnarspelarar! Denne mandagskvelden var det Eldar me skulle møta til dyst. Med visshet om at me alltid har hatt litt vanskar med å spela dei ut, samt at dei drog i land ein uavgjort i ein vanskelig bortekamp mot Viljar forrige runde, gjorde at me nok var litt spente før kamp.
Eldar-juniorane kom tidleg til kamp, rullande på jernhestane sine (Les: mopedane), for å varme skikkelig godt opp før bataljen starta. Me var nesten like tidleg ute, og varma opp med både jogging og ballspel.
Når dommaren omsider ankom og fekk blåst i gang, tok det ca 15 sek før underteikna satt ballen i mål til sin fyrste nettkjenning for året! Då trudde me nok at dette skulle verta enkel match! Men effektiviteten til Ørnarspelarane var ikkje like god heile omgangen igjennom. Eit massivt press mot Eldarmålet førte ikkje til meir enn tre mål i fyrste omgang. Og når då Eldar i tillegg utlikna til både 1-1 og 2-2 i løpet av omgangen, var det jamne 3-2 til pause. Øvrige mål for Ørnar i fyrste omgang vart sett inn av Øyvind og Knut Olav. Sistnevnte sitt fyrste for Ørnar etter overgang frå teikneserielaget Voss Wonderboys.
Etter ein roleg og god pep-talk frå Terje M i pausen, fortsatte Ørnar å pressa i andre omgang. Denne omgangen var me litt meir dyktige foran mål, og satte heile 8 scoringar til! I tillegg til at toppscorarane Lars og Rolf satt nokre mål kvar, fekk Frode Aasheim og Bjarte Bystøl og kjenne på godfølelsen ved å score mål. Her er spesielt verdt å nemne Bjarte sitt mål, som allereie peiker seg ut til å vinne prisen for årets mål! 20-meters pasning frå Terje M vart dunka inn på direkten frå 20-25 meters hold, heilt nede ved stolperota!
Ørnar fortset å spela god fotball, og me gler oss allereie til neste kamp mot Haugamoen! Då trur eg minst Per Ivar må ete radioaktivt avfall skal han ha ein mulighet mot seiersvante borstrendingar!

På gamal vane Marius S. Petersen           

Ørnar – Voss Friends 6-1 (3-0) 28. april 2008

Etter ein lang og hard treningsvinter med opptil to økter i veka for fleire av oss, er endeleg sesongen 2008 i gang for fjorårsvinnararane frå Skulestadmoen! Det viste på oppmøtet for Ørnar-gjengen at me har gleda oss til kamp; ikkje mindre enn 16 spelarar møtte spelesugne opp!
Me møtte årets nykommarar Voss Friends, eit ubeskrive blad for oss. Men me hadde ein liten mistanke om at det kunne vere eit lag med mykje teknikk, og kanskje ikkje fullt så mykje taktikk. Og det viste seg at det hadde me rett i.
Kampen starta jamnt, der begge lag brukte litt tid på å føla på nivået. Men etterkvart festa Ørnar grepet, og fekk si fyrste scoring for sesongen. Vossa-venane var ikkje ufarlege dei heller, men både bra målvaktspel på Ørnar, og litt marginar i mot, gjorde at nykomlingane ikkje klarte å få ballen i mål. Det gjorde derimot Ørnar, som netta to gonger til i løpet av omgangen. Dermed leia Ørnar komfortabelt 3-0 til pause – etter scoringar av Rolf, Lars og Øyvind.
Andre omgang var eigentleg mykje lik den fyrste. Banespelet var ganske jamnt fordelt, men ein hadde følelsen av at Ørnar hadde god kontroll på kampen. Så når Ørnar fortsatte å sette sjansane sine, medan motstandarane fortsatte å brenna sjansar, då vert det stygge siffer til slutt! Tre mål til scora Ørnar før Voss Friends fekk seg det ein må seia å vera ein fortjent redusering heilt på tampen. Ørnar-måla i andre omgang vart sett inn av Rolf og Lars x 2.
Oppsummert må det seiast å ha vore ein bra kamp for heimelaget, med mykje bra spel som viser at me ikkje vil verta enkle å ha med å gjere i år heller! Når det gjeld Voss Friends, så trur eg nok at dei skal klara å sanka ein god del poeng i løpet av sesongen, no når dei har fått kjent på nivået og veit litt meir kva dei går til.

På oppfordring
Marius S. Petersen 
                                                                                                                   

Hestavangen - Ulvik 3-8 (1-2) 28. april 2008
Ulvik gikk offensivt ut og det tok ikke mange minuttene før Muhammed får en fot på ballen og laget går opp i ledelsen. Men den ledelsen skulle ikke holde lenge for Hestavangen kontret og så står det 1-1.  Begge lagene presser hardt på men ballen vil ikke i mål. Ikke får i slutten av første omgang klarer Ulvik nok en gang å få en fot på ballen og den går forbi en uoppmerksom keeper.

En kan lurer på hva Hestavangen snakket om i pausen for i andre omgang åpnet de som et helt annet lag. De var raskt oppe og reduserte til 2-2. Og det tok ikke mange minuttene før nyinkjøpte stjernespissen klinket ballen i mål og Hestavangen tok fortjent ledelsen 3-2. Men dette vekket Ulvik og de kom sterkt tilbake. Først med et glimrende innlegg og Lars Petter header ballen elegant forbi keeper og så tar de ledelsen ved kampens storscorer Per Are Hallstensgård (fjorårets toppscoreri TeBe). Hestavangen mister litt konsentrasjonen og klarer ikke helt å følge med men på en corner fra venstre kommer keeper opp og han stryker over tverlegger. Men etter dette så var det kun enveiskjøring. Hestavangen står å sover på midtbanken og 4 ulvik spillere får løpe fritt i forsvaret. Dette fø¸rer også til et målraid og i løpet av de siste 10 minuttene scorer Per Are 4 mål til og fastsetter sluttresultatet til 3-8. Et fortjent resultat, men kunne fort gått litt bedre for Hestavangen hvis de hadde klart å holde ut hele kampen. Et lite tips til Hestavangen kan være kondisjonstrening i neste uke? Ulvik topper nå tabellen og det kan se ut som vossalagene skal få slite med et topptrent Ulviklag.

Jostein Thorsen / kampreferent (ulvik)

Viljar - Eldar 2-2 (2-1) 28. april 2008
Mål av Viljar: Arvid Bakketun Kyte og Helge Erik Mæland

Keeper: Tore Landmark. Elles rullerte laget mellom Anders Ekehaug, Hallstein Vinje, Odd Arild Kyte, Jan Asle Torstad, Arne Moen, Tor Håvard Brekke, Bjarne Klette, Helge Erik Mæland, Arvid B. Kyte, Bjarte Djønne, Kjartan Tøn og Bakketun Jr.
Nils Asbjørn Lie vart flydd inn frå sidelinja som dommar, og dermed trudde me at heimesigeren var sikra. Men nei, sjølv om me leia 2-0 så klarte Eldar å dra seg inn i kampen igjen å utlikne før dommaren blas for fulltid. Når sant skal seiast så var årets fyrste kamp ein nivåheving frå fyrste kamp i 2007, som knapt kan målast i ord....
Begge lag kjempar og jobbar godt, og det vert skapt nokre store sjansar på både frispark og raske kontringar. Bjarne; omtrent åleine med målet og så heade i stolpen er langt i frå godkjent.
Om dommaren og referenten skal prøva å vera nøytral, så kan det hende at det var rettferdig med uavgjort. Men me meiner sjølv at me hadde fortent ein siger, på bakgrunn av at me til tider spela god fotball og sette juniorane under ganske så kraftig press ein periode. Så det klippekortet du fekk i fjor Sverre M, det er nok oppbrukt og du har ein laaaang veg å gå før du har spelt deg inn på dette laget igjen (kanskje lettare åvinna ein dommarplass til neste serierunde...).
Me er godt i gang, og ser fram mot neste kamp mot Hestavangen. OBS! OBS! : gutta i Viljar er klar for å trene sjøv på heilagdagar, så her vert det ikkje noko kjære mor........
Vyrdsamt Nils Asbjørn Lie

Kampreferat frå sesongen 2007:

Ørnar - Viljar 6-2 (2-1) 18. sept. 2007
Mål: Helge E, Sverre M
Laget: Kjartan (målvakt), Jan A, Arvid, Helge E, Sverre M, David I, Arne, Frode.
Ikkje noko grunn til djuptpløyande analyse av denna kampen; detta var rett og slett kjekt (ogso skryt til Ørnar og dommar for god tone gjennom heile kampen) !! Klapp på skuldera til alle åtte som var med i kveld.....årsbeste og flott opptur etter nokre skrale kampar og treningar i da siste. Fin fotballkamp på ein fin haustkveld....detta ga meirsmak!
Vyrdsamt Helge E.Mæland

Viljar - Hestavangen 1-10 (0- ca. 6) 6. sept. 2007
Mål: Sverre M (stang inn, hjørna av 5-meteren, bra spel!) Laget: Kjartan 2.(målvakt), Jan A, Arvid, Helge E, Sverre M, Oddvar, David I, Tor H, Anne M, Arne, Ole M, Kjartan 1.
Tja, heller ikkje etter denna kampen gjekk flagga til topps på Palmafossen. Hestavangen e enkelt og greit betre te å sparka dan pokkers lærkula dit dei vil enn oss. 1. omgang va einvegskøyrd....og te 2.omgang hadde noken forsyne meg snudd skiltet andre vegen! Vel, siste omgang var no ikkje heilt potet; Arvid va frisk og rask på topp, og hadde definitivt fortent eit mål og to idag! I periodar (når hestane ikkje gadd?) spelte me rett bra......når eg tenker meg om var muldyra kun dominerande i ein ti-minuttars periode midt i andre halvleik. Denne perioden var identisk med sidelinje-besøk av Voss sin einaste Stortingsrepresentant.....tilfeldig, eller e da mangen aldrande fotball-vangara som har ein politikar-spire i magen??  Nu vel, me e'kje meir naive enn at me stille te kamp med god von neste vår. Kanskje gikta innhentar dei aldrande hov-dyra denne vinteren? Til slutt; meiner å erindra at nokon slo tunnell på ein leiande skikkelse i likningsvesenet......skulle tru da var verdt nokre frådrag mindre når slutten av april kjem!!?? Ouch!!
Vyrdsamt Helge E.Mæland

Bjørgum - Viljar X-1 30. aug. 2007
Viljar: Kjartan Tøn (jr.), Anders Ekehaug, Jan Asle Torstad, Odd Arild Kyte, Helge Erik Mæand, Solbjørg, Anne Mari Vinje, Stine Eide, Nils Asbjørn Lie, Arvid Bakketun Kyte, Frode Herre, Tor Håvard Brekke, Mr. X (kjem ikkje på namnet - ny for anledningen), Bjarne Klette

Lokaldemokrati for oss betyr fellesskap og at slik løyser me best utfordringane me står ovanfor. Me treng meir av dette Ringkjøp, ikkje egoistiske løp og avslutningar. Tenk kva ein kunne ha utretta på Bjørgum med dette, og kor skuffa me er når me opplever at demokratiet og solidariteten ikkje er til stades. Flott natur og vakkert kulturlandskap hjelper ikkje når de byggjer ut alle våre framtidige friområder og potensielle idrottsanlegg. Kva skal me seia til komande generasjonar? Nei her får de ikkje spela fotball, for han Hans Erik bygde fritidsbustader te bergensarane!
Saman skal me byggja eit attraktivt lokalsamfunn, men då må me luka vekk egoistar og feilpasningar. Kommunikasjon, varierte tilbod og satsing på idrett og idrett er viktig for oss. Så vil me seia at solidaritet er ikkje å springa rundt eller over, de kunna ha tenkt litt meir på dykkar neste!
Må nemna eit fantastisk mål som styrka oss og gjev oss tru på at me kan; Frode Herre får ballen litt over midtbana og klemmer til. Flottare boge på ballen har eg ikkje sett sidan regnbogen i Haugsvika for vel 14 dagar sidan. Keeper var sjanselaus. Frode Herre drøymer nok fint i natt......
Benytt for all del røysteretten dykkar på valdagen!
mvh Nils Asbjørn Lie

Granvin - Viljar 4-0 (1-0) 16. aug. 2007
Laget: Kjartan Tøn (den yngre) keeper i 1. omgang, Frode Herre i 2. omgang. Jan Asle Torstad, Arne Moen, Nils Asbjørn Lie, Kjartan Tøn (senior), Sverre M. Hernes, Arvid Bakketun, Anne Marit Vinje og Stine Eide
Det må nemnast at me har trufast duskedame og dusk! Britt Heidi og Atle sørger for at me ikkje føler oss heilt åleine på bortebane.

Begge lag ynskjer å spela fotball. Me føler at me pressar ganske høgt i fyrste omgang og spelar god fotball. Me kjem til gode sjansar, men internt i laget er spissplassen no eit diskusjonstema! Me scorar ikkje på sjansane våre. Så er me litt lite flinke til å foreta bytte og får nok svi for det i 2. omgang. Me vert trøytte og dett bakpå, brukar det glatt som unnskyldning etter kampen. Den 2. omgangen startar bra, me fortset å spela fotball og har gode sjansar til å score mål - men er berre ikkje gode nok! Me tapar 4-0, tykkjer at det hadde vore ok om me hadde tapt litt mindre og scora eit mål. Nesten så det hadde vore fortjent. No byrjar karane å koma i form, så dette går berre ein veg.....
mvh Nils Asbjørn Lie

Eldar - Viljar 1-1(1-0) 13. aug 2007
Mål: Helge E.(langskudd,15 meter,volley,over all forventning!!)
Laget: Nils A(målvakt 1. halvleik), Frode (målvakt 2.halvleik) Jan A,Arvid, Helge E., Sverre M., Oddvar, Anders.
Etter ein ofsaleg lang biltur østover i Voss kommune, der kun to bilar nådde avspark, fekk me ein forventa lei start på kampen. På den regntunge grasmatta sprang poeng-kåte nesten-sogningar raskt inn 1-0. Men istadenfor å forbanne gamle og slitte kunstgrasskoa med 1.1 millimeter lange knottar, potensielle hofteleddsbrot-fall, krumma me nakken og rista av oss "Picnic med døden" - følelsen. Resten av omgangen hasta avgarde utan meir dramatikk enn ein middels gnav-turnering på aldersheimen. Andre omgang tok seg opp, og var rett og slett intens og fartsfylt! Kanskje var da dommaren sin aktive deltakelse i Eldar's pause-taktikk-prat, eller kanskje var da berre rett og slett frykten for å få Eldar-gutane opp i tabell-ryggen som tente Viljar-mannfolka. Uansett, me utlikna fortent, og bortsett frå nokre få skumle Eldar-forsøk skulle me gjerne ha pakka 3 poeng i bilen etter denne kampen. Til dei yngre fotballspelarane som måtte lesa dette: syting og klaging på dommaren hjelper!! Etter ein omgang med konstant masing på Eldar-spelaren i svart over mangelen på Viljar-frispark, torde han nok ikkje å dømma eit relativt klart straffespark til heimalaget på overtid! Vel, vel, dommaren var faktisk bra han, so Viljar seier seg godt nøgde med kampen, og ynskjer unge Eldar-spelara tvi-tvi utover hausten! Ellers må da skrytast av Jan A og Anders sitt forsvarsspel idag; meget bra! Granvin borte i neste kamp.....forbi Skjerve; nei, da gidd eg sanneleg ikkje! Sjåast på neste heimakamp!!
Vyrdsamt Helge E. Mæland

Bulken-Viljar 9-1(6-0)
Mål: Arvid(frispark,25 meter,krysset,enkelt!!)
Laget: Nils A(målvakt), Arne, Jan A, Kjell E, Arvid, Solbjørg, Anne M,
David I, Helge E.
Da e tydelegvis slutt på tida då Bulken rekrutterte spelara frå langrennsmiljøet!? Synd for oss, kjekt for dei! Men, med eit slikt resultat sparka opp dar sola sjeldan eller aldri skin; e alt berre sorgen? So absolutt ikkje! Mykje bra spel.....hvis me skulle finna på å springa litt te hausten, vil målsjansane koma i bøtter og spann! Trur faktisk samtlege spelara har tatt skritt i riktig retning.....framtida e lys for Viljars halvgamle og håpefulle!! Nedrykksspøkelset har tatt stamvegen frå Palmafossen te Haugsviki, der dei nok no ser Europris-serien i kvitauga!! God sommar, og; kem veit ka som skjer i neste transfer-vindauga? Hausten blir konge i år!!
Vyrdsamt Helge E.Mæland
PS!! Treningane held sjølvsagt fram sumaren te endes; mandag og torsdag kl
20:00 på Palmafossen. Kanskje blir da velfortjent sommarfest ogso....

Viljar - Eldar 2-1 (0-0)
Mål: Kjell Erik Lid og Sverre M. Hernes
Laget: Nils Asbjørn Lie (keeper), Arne Moen, Anders Ekehaug, Odd Arild Kyte, Frode Herre, Bjarne Klette, Solbjørg Opheim, Anne Marit Vinje, Kjell Erik Lid, Sverre M. Hernes, Arvid Bakketun Kyte og Stig Arnesen.
Gampafotball i støv og vind! Ingenting klaffar, men me vinn på ein mildt sagt dårleg dag.
mvh Nils Asbjørn Lie

Voss Wonderboys – Bjørgum 7 – 3 (04/06-2007)
Eg føle ord blir overflødig i denna kampen. Etter mykje frustrasjon før, under og etter kampen i Granvin(UTEN TVIL ÅRSVERSTE) leverte Wonderboys festfotball mot Bjørgum. Kampen kan oppsummerast med to essenser: Det beste spelet til no i år og Bjarte Sønnesyn Olsen (4 mål for kvelden). Den offensive innstillinga straffa seg på to billige balltap som førte til to mål i mot. Det tredje målet får me gløyme snarast:) Kva skal ein med mirakel når ein har sånne gutar på laget? Fest Wonderboys! Mvh. Knut Olav

Viljar - Ørnar 1-4 (0-1) (6/6 2007)
Mål for Viljar: Sverre M. Hernes
Viljar: Kjartan Tøn (keeper), Arne Moen, Anders Ekehaug, Nils Asbjørn Lie, Jan Asle Torstad, Sverre M. Hernes, Tor Håvard Brekke, David Inge Tveito, Bjarne Klette, Arvid Bakketun Kyte, Kjell Erik Lid, Solbjørg Opheim og Anne Marit Vinje
Ganske så jevn kamp i periodar. Ørnar får uttelling i fyrste omgang og me er litt på helane, keeper Kjartan Tøn held oss inne i kampen med nokre flotte redningar. Ørnar er flinke til å avslutte, medan me vert springande ein del i mellom. Byrjinga av 2. omgang er me definitivt meir med og får til å spela god fotball. Me kjem til eit par sjansar og skapar litt uro i deira bakre rekker, men så kontrar dei inn eit mål og me dett litt i prestasjonane og får eit par raske mål i sekken. Grei kamp på ein varm og støvete ettermiddag på Palmafossen.
Steven heldt seg på sidelinja, så det vart ikkje meir dramatikk enn at nokre Ørnar spelarar kalla på han helveten eit par gonger.
mvh Nils Asbjørn Lie

Bjørgum Old Boys - Ørnar 1 – 2 (31/05-2007)
Tett og jamn kamp som alltid når desse to laga møtest. Ørnar tok leiinga etter at Lars Nesheim Hovda fekk ei lang tå på ballen. Ørnar hadde mykje av banespelet mens Bjørgum hadde fleire gode kontringar. På slutten av omgangen fekk Bjørgum tildelt frispark ca 4 cm utanfor femmeteren og sette den kontant i mål. Andre omgangen vart og ganske jamn men Ørnar hadde mykje av spelet heilt fram til 20 meter frå mål, stokka seg litt der med både pasningsspel og avslutningar. Litt ampert vart det etter at Steve blei takla stygt bakfrå av Wawan. Steve synst det var ein god ide å krypa bort å fortelja syndaren kva han synst om slike taklingar, både armar og sydengelsk temperament vart nytta til denne forklaringa! Nils Rokne synst derimot ikkje at dette var ein god ide og belønna begge med raudt kort. Kampen opna seg opp når begge lag måtte avslutta med fem utespelarar og Rolf vart til slutt matchvinnar når han endeleg fekk sett ballen i mål. Toppscoraren vår har slite litt med å omsetja sjansar i teljande resultat i det siste så den gjorde nok godt.

Terje Øye.

Voss Wonderboys – Hestavangen 4 – 2 (30/05-2007)
Fin kamp, bemerkelsesverdig lite trykk frå media og dei fira store i England, til tross for at Wonderboys no virkelig har funne flyten. Med Solskjær ute mot Malta syns eg Stian Mykkeltvedt og Bjarte Sønnesyn Olsen står fram som klare kandidata for landslagsplass. 2 måls scorere, straffespark, farlige frispark og kjefting begge vega. Da va i Skulestadmo da skjedde i går!
Som fleire gonger før i år gjekk Wonderboys hardt ut og styrte kampen med godt ballspel og god variasjon i spelet. Mykje skjedde på Hestavangen sin banehalvdel, men fy faen for ein forsvarar dei har i Nils Rokne!!! Kontant spel med harde taklinga og sterkt hovespel. Nillen imponerte kan ein vel sei. Fekk sjølv ein tur i kunstgras underlaget etter takling frå denne mannen. Watch out! han kan ikkje berre blåsa i fløyto for å sei da sånn…
Stian Mykkeltvedt klarte likavel å lura panser forsvaret til Hestavangen. Han scorte med ei kald avslutning og mirakelgutane va oppi 1 – 0 ledelse. Kampen jamna seg litt ut og Hestavangen tetta bedre til bakøve. Då begynte me å skyta, koffor ikkje? Eit skudd frå Mats Øren, blir tuppa vidare av Bjarte Sønnesyn Olsen og me leda 2 – 0. Me jubla, men da einaste Bjarte va opptatt av, va å presisera at han hadde scora med ein tunnel? Va da Ståle Rørlien som skreva? Ikkje veit eg. Dei kalde fakta vil i alle fall ha det til at for TREDJE gong i år slepp me motstandaren inn i kampen igjen. Halvard Stue scora på straffe for Hestavangen, og då fekk hestane vatn i bøttene sine. I 2.omgang gjekk dei knallhardt ut og overrumpla oss fullstendig. Mange sjansa og Wonderboys falt djupare og djupare på eigen banehalvdel. 2 – 2 målet kom heilt fortjent for Hestavangen. Det var derimot ikkje eit mirakel som gjorde at me vant kampen, det var wonderboys som skinte! Snakk om å bretta opp armane. At me gire opp i 2.omgang etter å ha leda og styrt, fått redusering og utlikning i sekken, det er rett og slett imponerande. Dei siste to måla kan eg kort forklare med arbeidsinnsats og ein porsjon flaks. Marginane va på vår side i dag. Utanom stoleskuddet mitt på ope mål, fytti grisen….
Granvin i kveld blir knalltøft, men viss samme innsats ligg til grunn og spelet funkar som i periodar mot hestane, då vinn me også i Granvin. Då va da sagt! Ynskjer å nytte anledninga til å takke Hestavangen for kampen. Rutinert og fin gjeng!

Gamlameieriet - Viljar 0-2 (0-1 (29.05.07)
Mål: Helge Erik Mæland og Sverre M. Hernes
Desse spelte: N. A. Lie, Helge E. Mæland, Arne Moen, Odd Arild Kyte, Anders Ekehaug, Jan Asle Torstad, Solbjørg, Anne Mari, Olav Klette, Arvid Bakketun Kyte, Tor Håvard Brekke, Kjell Erik Lid og Sverre M. Hernes .

SEIER! SEIER! SEIER!
Så fekk Viljar sin fyrste seier. Grunnane er mange, men "plenen" i Skulestadmoen var ikkje våt i dag, Lie var tilbake i mål og me fekk til å spela litt fotball. Kampen står litt og vippar i byrjinga av fyrste omgang (må vel vera såpass ærlege) før Viljar tek over meir av spelet då Gamla og meieriet byrjar å verta litt trøytte (kanskje de ikkje skulle røyka til oppvarming?).
Mot slutten av fyrste omgangen så får me den viktige scoringen som gjer at me definitivt kjem i førarsetet. Lie dirigerer troppane med hard hånd, og strukturen og organiseringa er ikkje til å kjenna igjen frå sist kamp.
Andre omgang spelar me fotball og kjem til nokre fine sjansar innimellom. Gamlameieriet får nokre farlege frispark, men Giljarhus er ikkje så farlig på dødball lenger! og så står keeper som ein mur der bakerst.
Alle jobbar og står på for seier i dag, og alle skal ha kreditt for jobbinga i dag. Supert. No er oppturen begynt.
Nils A. Lie

Hestavangen - Viljar 8-1 (22.05.07)
Topp mot breidde, kan mot vil, eller rett og slett Mike Tyson mot bestemora di! Ser ikkje noko grunn til å skriva mykje meir om denna kampen, bortsett frå dette: "Årets takling" kan, utan snev av tvil, allereie no tildelast Viljar sin panser-forsvarar Nils Asbjørn Lie!! So skjedde: hestane frå Vangen hadde for n'te gong klikk-klakka seg gjennom Viljar-forsvaret, og den gamle storspelaren Tormod Knapstad trava fint mot nok eit mål.......trudde han! Det han ikkje visste var at ein småsint Lie hadde funne fram ljåen, grasklypparen OG forhaustaren....med ti meter rennafart var vel eigentleg Knapstad den som var nærmast å passera mållinja.....ballen gjorde det definitivt ikkje! Hadde to straffar vore eit mogeleg utkome i fotballverda, ja so hadde vangarane fått da!!! Korta hadde nok dommaren gløymt att i bilen, for Lie kunne stå på bana og sjå keeper Ståle Rørlien(bur ikkje du på Palmafossen???) brenna straffen so da lukta svidd i duskregnet....da endelege beviset på at da IKKJE finst rettferdigheit i verden!? Resultatet? Jackpot på Bjerke! Viljar skal trena mykje i sommar og laga lim av varmblodshestane te hausten!!
Vyrdsamt, Helge E.Mæland

Ørnar - Bulken 2-2 (21. mai 2007)
Toppkampen mellom Ørnar og Bulken vart ein fartsfyllt kamp. Ørnar var best i 1. omgang, scora to gonger etter gode prestasjonar frå Bård Even Relling og leda 2-0 til pause. Mykje godt spel frå begge lag men Ørnar hadde dei fleste og største sjansane. Bulken kom sterkt i andre omgang og pressa Ørnar bakover. Dette presset førde til to mål, ein gong braut dei eit Ørnarangrep på midten og kom fem mot to. Det andre var eit rotemål der Ørnar skal klarera på streken men sleivar ballen til ein Bulkar som kan putta lett. Etter dette jamnar kampen seg ut og begge lag har sjansen til å avgjera. Ørnar har kanskje den største sjansen eit minutt før slutt der eit lurt frispark frå Terje Mørkve vert styrt i stolpen av Steve Clarke. Alt i alt ein veldig spennande og jamn kamp der uavgjort var eit resultat begge kan vera brukbart førnøgde med.

Gamlameieriet - Ørnar 2-8 (15. mai 2007)
Ein regnfull kveld i Skulestadmo og polakkane hadde reist heim på ferie. Gamlameieriet hadde skrapt saman 5 spelarar. Ein til kom og Ørnar lånte ut Bjørn Sunde som keeper under forutsetning at han skulle sleppa inn 10 mål, vart berre 8 så refs er ventande for han..... Spøk til side, Sunde var vel den som lenge heldt Gamlameieriet inne i kampen, ilag med Ørnarspissar som treng mange sjansar for kvart mål som går inn. I første omgang heldt Gamlameieriet følge slik at dei berre låg under 3-2. I andre vart den suverene kondisjonen til Ørnargutane avgjerande og det vart ein enkel siger. Ein opplagt Alan Tolley i ørnarmålet spelte seg i denne omgangen for fullt inn i keeperdiskusjonen, magen stod i vegen for det som kom. Framover på banen var det varierande spel frå Ørnar, frå det geniale (Terje Mørkve ynskte kredit for gode målgivande passningar) til det meir tafatte. Nokon skaut ikkje når dei burde mens andre skaut kvar gong dei kom over midten med ballen (Jarle Tveiten, kjenner du deg igjen?) . Litt å retta på altså men likevel full pott og tabelltopp så langt. Ørnarspelarane kan gå i 17.-maitoget med hovudet heva.

Ref. Terje Øye

Bulken – Voss Wonderboys 3-4 (14. mai 2007)
Bulken måtte finne seg i å stå som favorittar før denne kampen. Det viste seg fort at kampen skulle bli meir spennande enn som så. Voss Wonderboys gjekk kjapt opp i  2-0 på to situasjonar kampreferent ikkje fekk med seg!(shame on me) Når eg kom skjønte eg ingenting av at me leda 2-0, det eksisterte ikkje tempo i fotballen Voss Wonderboys leverte. Samhandling eksisterte ikkje. Bulken kjørte bokstavlig kampen. Igjen rota me vekk ledelsen med tankelause bytter. Med ein midtbane som hadde samla aksjonsradius på 8 meter og kondis som Martin Schanche i bakrus, scora Bulken to fine mål etter godt samspel. Det er utilgiveleg at Bulken fekk så mykje rom høgt i bana. Med kjappe justeringar frå benken og eit par friske og kapable bein på bana, jamna kampen seg ut igjen. 1.omgang va fartsfylt og jamn, utifrå rapportane å dømma styrte me frå børjan, men Bulken kom fort inn igjen i kampen og var ein periode overlegne mot baktunge mirakelgutar. Skjebnen(byttene) gjorde også sitt til dette, ein periode spelte ”Tebe Seriens Definitivt Beste Bakromsspiss”(Sjølverklært) Øivind Ringheim monsterback, Rogne(Hogne Aarøy) var gått ut på kant og såg ut som ein fisk på land og Kalle Skutle sto like godt bak mål! Ka gjer ein ikkje for å gjere ein fotball kamp spennande?
For ein 2.omgang det skulle bli...  Spelet rulla fram og tilbake, tydeleg at begge lag har spelara som kombinerer godt. Bulken viste godt samspel, men mangla litt på presisjonen i dag. Wonderboys byrja å få rytme i spelet sitt og viste at dette ikkje blir ein kasteball i årets Tebe serie. Dødelig effektivitet blei det avgjerande i dag, mens både mirakelgutar og bolkara sløste i begge ender, hadde Wonderboys eit fryktelig våpen; Bjarte Sønnesyn Olsen. Med ein klinisk avslutning sendte han oss opp i 2 – 3 ledelsen. Etter dette prøvde Bulken å skru opp tempo ytterligere, men det hjalp lite med tempo når det skorta litt på presisjon og god intensitet i presset frå Wonderboys. Utlikninga kom likevel, på eit hjørnespark dumpa ballen innom to Voss Wonderboys spelara og i mål. Torkjell Sønnesyn hadde den tvilsomme æren av å score målet. Det var duka for fest! Ein Sønnesyn som målscorar i begge endar, og då sparte me ein Sønnesyn som låg med sjukdom. Spennande var det i alle fall, det står respekt av begge lags ønske ønske om å spela fotball. Angrep er det beste forsvar, tydeleg innstilling frå begge partar. Rett før slutt dukka Bjarte Sønnesyn Olsen opp igjen, med smart posisjonering og ei kald avslutning scora han 3-4 målet. Når det er slutt på teknikk og innsats benytta me oss av kald taktikk, me fekk like godt ein tilfeldig sjåfør til å kjøra øve eine ballen vår når han kom forbi. Sjakktrekk av mirakelgutane og 100 kr.i posten til denne samaritanen! Årets fyrste tre poengar er eit faktum, men det viktigaste er prestasjonen. For i dag var Voss Wonderboys fullt på høgde med Bulken. Det var mange hakk opp frå Viljar kampen og ein deilig seier. Skryt til begge sider for ein fartsfylt kamp med mykje god fotball, skryt til dagens dommar Nils R. som måtte høyre noken gloser, men tok det med eit smil. Syns også dommaren var god i dag. Ynskjer å benytte anledninga til å takke Bulken for kampen!
Kampreferent Knut Olav Nestås.

Viljar - Bjørgum, Palmafossen man. 14. mai 2007 Resultat 3-3 (1-1)
Målscorarar Viljar: Sverre M. (trur det er viktig med den M`en) Hernes, Helge Erik Mæland og Arvid Bakketun
Laget: Keeper Nils Asbjørn Lie, Helge Erik Mæland, Sverre M. Hernes, Arvid Bakketun (kaptein), Kjartan Tøn (senior), Odd Arild Kyte, Jan Asle Torstad, Tor Håvard Brekke, Oddvar Kvalnes, og Frode Herre
Me er ikkje kjent for å vera beskjedne, og Bjørgum fekk seg nok ein liten overraskelse denne kvelden. Dei visste nok at me er gode, men at me var SÅ gode kom nok som ein STOR overraskelse (dei har ein spion som av og til bur like ved idrettsplassen). Då me drog i gang med storspel og rulla opp det eine angrepet etter det andre, så seig sokkane lenger og lenger nedover på leggane deira.
At dei måtte få frispark og straffe for å scora måla sine, seier litt. Og så kjem dommaren i fokus igjen; spørsmålet er om det var nødvendig å leggja til tid i kampen? Bjørgum scorar på overtid og det var ikkje fortent. Kva var tillegget for ? For at dei sparka ballen så inn i granskogen langt bak mål, at me måtte bruka tid på å henta den! Ja, ja me får ta det for det det er. MEN dommaren sa etter kampen at han hadde frykta eit 0-5 tap for oss i dag, så me får ta det som eit kompliment. Takk.
God kamp, der begge lag ynskjer og vil spela god fotball. Me vert stadig betre med kamptrening og ser fram mot neste kamp, som er mot Hestavangen. Dei ser ikkje fram til det.......

Viljar-Voss Wonderboys 2-2 (10.05.07)
Javel, då var poengsankinga igang!! Etter ein famlande start der vidunder-gutane blitza oss i senk med to kjappe, såg da unekteleg stygt ut. Men Viljar viste stor lagmoral, og kjempa seg tilbake mot slutten av 1.omgang. Då ein ellers meget solid og dominerande Wonder-sweeper forveksla aktiv biceps med skulder, like utanfor eige mål, var da klart for innøvd(??) frispark; frispelt aleine med deira grønnkledde gjorde Sverre Hernes ingen feil: 2-1. For dei som huskar Thomas Brolin i VM-94; same stuff!! Detta gav Viljar blod på tann, og trua på meir snadder. Like før pause skulle utlikninga koma på eit fint langskot frå Kjell-Erik Lid. Vel, mogeleg at keeper vart litt lurt av ein noko ujevn bane!? 2.omgang starta med eit agressivt press frå bortelaget; trur jammen dei plasserte ballgutar ut rundt banen for å halda pausane te eit minimum!! Fornuftig trekk mot eit Viljar lag med kun ein innbyttar; skjerpings te neste kamp folkens, 8 spelara e for lite når kondisjon er eit skummelt framandord!! Uansett, Kjartan Tøn tok hand om absolutt alt i, ein for hans vedkomande, strålande 2.omgang! Utan at eg var tilstades på forrige kamp, vil eg tru at keeper-bytte hadde eit særs positiv resultat(utan at navn skal nevnast blei da sagt etter kampen at Viljars forrige keeper var og lukta på grusen ei gong; då han snubla!). Bra jobba Kjartan! Når Viljar heller ikkje klarte å utnytta nokre feite tilbod mot slutten, ebba kampen ut med eit poeng kvar; velkomen i TeBe-spelet til begge laga!! God innsats Viljar; teknikk og taktikk får me finpussa utover sesongen! Til slutt vil eg skryta te mannen som aldri får skryt(og som måtte tola nokre sleivspark etter forrige kamp): dommaren(i dette tilfellet Nils R.)! I ein kamp med nokre "bedrifts-fotball"-etterslengar frå begge lag(når ballen knapt kan sjåast med kikkert e da vanskelg å forsvara taklinga!!), styrte han kampen iland på ein framifrå måte! Tommelen opp for eldsjeler!

Vyrdsamt, H.E.Mæland.

Ørnar – Voss Wonderboys 4-0 (30. april 21.00)

Rutinerte Ørnar tok i mot nykommarane Voss Wonderboys. Wonderboys stilte i matchande kvite t-skjorter då draktene våre fortsatt er ein eller annan plass mellom Kirkenes og Lindesnes. Ingen skal sei noko på innsatsen til debutantane, men trygt ballspel frå Ørnar sleit ut mirakelgutane. I deler av kampen lurte eg på om det var orienteringsløp eg dreiv med framfor fotball!! 1.omgang var riktignok jamn med sjansar begge vegar. Spelet var det stortsett dei svarte frå Skulestadmoen som sto for, men i korte periodar såg ein tendensar i spelet til kvitskjortene og, dette skal(MÅ) bli bedre utover sesongen. Innsats, ein god wonderboy i mål og marginar gjorde at det var kun eit mål i fyrste omgangen. Ein uvanlig ineffektiv Bjarte Sønnesyn Olsen klarte heller ikkje å putta sjansane sine, det såg mørkt ut for dei siste 25 min. Det hjalp ikkje at underteikna heller ikkje klarte å stokka beina. Alt i alt syns eg det sto fortjent 1-0 til Ørnar etter dei fyrste 25.min. Einaste protokollen VW klarte å bite seg fast i var kortprotokollen, underteikna gjekk der fortjent opp i ledelsen 1-0, med eit gult kort ( Dommaren rota sånn med kortene at eg var jævlig usikker på ka han sku finna på). 2.omg byrja litt som den fyrste, men då Ørnar gjekk opp i 2-0 sprakk ballonga. 3-0 og 4-0 var fortjente Ørnar mål og eg syns dei viste mykje fine tendensar i spelet sitt. Rytme og samhandling var det avgjerande denne kvelden. Berre å gratulere Ørnar med årets fyrste 3poengar. Eg er veldig spent på ka me kan få til utover sesongen, og me er veldig innstilt på å reise kjerringa allereie mot Viljar. Vil nytte anledninga til å takke Ørnar for kampen!

Spelarane:

Esben – Den beste wonderboyen i kveld. Kan ikkje ta skulda for måla og viste solide takter. Viktig mann for oss framover.
Preben – Tydeleg at Libanon oppholdet har bygd ein krigar i guten, men sleit som resten av laget i den rytmiske delen av spelet. Oppopfrande. Bra på frispark. Influensaprega.
Dag – Kjekt å sjå ein gammal Ørnar gut på bana att, sleit med temposterkt Ørnar i dag, men kjem til å heva seg(Mot gammalt nivå????).
Halvard T – Jobba hardt, litt å gå på. Tendensar til finspel på kanten, sleit med å rive seg laus frå markeringa. Kanskje den beste rytmiske spelaren. Brenn sjanse.
Øivind – Turbo som sto på når han blei flytta ned på kant, blei i for liten grad brukt offensivt. Nokre smarte løp, nokre tura til skogs og elles orienteringsløpar.
Halvard S – Ein Sønnesyn på laget, er ein god mann på laget, men sleit med kondis og sjukdom. Kjem definitivt til å bli viktig utover sesongen.
Knut Olav: Jobba mykje, masa mykje, vil mykje, får det ikkje alltid til. Nokre gode pasningar, eit par forferdelige(som klareringa å rekna). Brenn stor sjanse. Må heva seg!
Petter – Debuterer som usynlig kant, lite orientert, men sterkt tempo når han drar i gang.
Stian – Sleit som resten av kantane med å tilpasse seg, men viser tidvis god orienteringsevne og tendensar med sin venstre godfot.
Bjarte – Brenn nokre forferdelig opplagte målsjansar, men viser kor fotballklok han er med si smarte posisjonering. Kjem til å komme sterkt tilbake.
Sakna elles Per, Torgeir, Lars, Rogne(mrk:Hogne Aarøy) m.fl. Kor i granskauen(Apropos granskau) va de hen?:)

-  De la Wonderboy Knuto Nestås

Viljar – Granvin 0-8 (3. mai kl. 20.00, Palmafossen stadium)
Det er jo ikkje tvil om kven som førte an spelet i sine nye kampdrakter frå Sport1 og Ekehaug maskin. Dei gule Viljarane var over alt på bana, men det viste ikkje heilt igjen i protokollen.
Den som definitivt var best var dommaren. Han fekk sett ivrige Viljar spelarar på plass, og påpeika strengt at sparking på leggane var ikkje fotball (som om me ikkje visste det!). Han trua til og med å visa oss ut, før sesongen var komen skikkeleg igang. Her skulle vel ha vore litt rom for innkøyring (innsparking) før me vart trua med utvising og kort?
Når sant skal seiast så tykte me at kampen gjekk fint for seg, og Viljar kjempa tappert mot eit spelande Granvin. Kor i granskogen var teknikken den kvelden.
Me må gje oss sjølv litt honnør; er det fyrste gong at tre kvinner er med på ein kamp i Tebe serien? Strategien var klar; forvirre gravensarane (det vart observert nokre Ulvikje og!) og slå knallhardt tilbake. Virka det? Neidå, me vart overkøyrde. Handa på hjarta, underteikna trur at det var me som prøvde mest.
No er me i gang, og kan ikkje føra noko i scoringsprotokollen. Men me kjem sterkt attende og eg treng ikkje seia når, men dei andre laga i ligaen skal ikkje sova for godt om natta.
Kort oppsummert så var me strenge mot oss sjølve etter kampen. Til og med dommaren var etter oss, og påstod at bana var den dårlegaste på heile Voss. Ka f... va da nødvendig å fornærma oss i tillegg til å trua med utvisning og kort!?
Me kjem til å stå på og spela oss i form. Og kanskje skal me utvida kvinneandelen for å forvirre endå meir. Kanskje det var det som ikkje funka gutar, hei gutar hei hei hei...
Lite statistikk å koma med, då me ikkje kom i målprotokollen, sjøv ikkje eit lite sjølvmål.
Lukke til vidare.
P.S Om nokon av dekan skulle tru at damene spelte dårleg så tek de feil. Dei var fullt på høgde med oss ja.

Kampreferat frå sesongen 2006:

Ørnar jr – Bjørgum Old Boys 1-0 (12.06)
God kamp av Ørnar-juniorane. God innsats, kontant forsvarspel, fint spel og ekstrem ineffektivitet kjenneteikna laget i dag. Heilt nøkternt så kan vel dei fleste vera einige om at det ikkje hadde vore noko å seie på at Ørnar hadde vunne med fleire mål. Etter ein mållaus fyrste omgang, som absolutt ikkje burde vore mållaus, avgjorde Mats Øren kampen midtvegs i den andre med eit flott skot nede til venstre for keeper. Ørnar hadde som sagt sjansar til å score fleire mål,men skyt utanfor eller bommar på opent mål. Det som traff innanfor tok ein for øvrig svært solid Bjørgum-keeper seg av. Med 1-0 sigeren tok Ørnar sin femte siger på rad, alle etter at dei bytta til dei klassiske raud og gul-stripete Ørnar-draktene. Tilfeldig? Neppe. Forsøker i beste positiv Jan Inge Ringen-stil på ei lita spelarvurdering av Ørnar-laget:
Espen: Lite å gjera, tar det som kjem.
Stian: God jobb til han må tidleg ut med skade.
Arne: Svært solid kamp av Arne. Bryt forran, solid i duellar og set fint i gang. Kanskje Ørnar sin beste.
Nils Ivar: Grei kamp, først på ballen i eit par viktige situasjonar.
Odd Eirik: Byrjar kampen i forsvar, speler seg opp utover i kampen og er som vanleg viktig.
Lars Erik: Kjem inn på kanten, jobbar bra og kjem til eit par farlege innlegg.
Karl Helge: Fekk under Grebbe Hangor kampen tidlegare i vår tilnamnet ”Bulldozer” frå sidelinja. Tok dette med seg inn i denne kampen. Å spele mot Kalle gjer vondt. Som vanleg den karakteristiske ryggsekken i avsluttningsaugneblinken.
Mats: Er vel den som ut frå forutsetningane tilbakelegg desidert færrast meter i Tebe-serien. Gjer
mesteparten av kampen i gå-tempo, aukar til lett jogg når han har ballen. Kompenserer manglande svette i drakta med eminent teknikk, blikk og skotfot. Matchvinnar. ”Går” seg inn i dei riktige posisjonane.
Eivind: Spring mykje, skyt mykje, bommar mykje. Set ballen utanfor på opent mål.
Javad: God kamp av Javad. Ørnar Junior har henta seg ein potensiell matchvinnar frå den bugnande afghanske spelarmaknaden.
Thomas: Godt oppspelspunkt. I dag viser Thomas at det ikkje skal stå på defensiv jobbing heller.
Bjarte: Godt oppspelspunkt. Forsøker seg på ei slags sakse-avslutning som diverre går utanfor.

Eldar - Ørnar Jr. 3-4 (06.06)
Eldar åpnar kampen best, og skaper eit par farlege målsjansar dei fyrste minutta. Etter kvart får Ørnar summa seg og kjem meir inn i kampen. Ein del sjansar begge vegar, og etter nydeleg forarbeid av Stian Aasheim har Eivind Bere ein enkel jobb med å setje inn 0-1 til Ørnar rett før pause. Det er ein grunn til Ørnar Junior heiter nettopp junior, og det viste seg tydeleg då laget gjekk utpå til andre omgang og skulle ”ro i land” ein trepoengar. Eit Ørnarlag i djup dvale vart fullstendig overrumpla av Eldar som åpna andre omgang svært friskt. Tankane gjekk umiddelbart til ein viss Champions League finale, og vips så hadde heimelaget snudd 0-1 til 3-1 i byrjinga av 2. omgang. Ørnar kjempa seg likevel inn att i kampen, og då dagens joker, Mats Øren, kom på bana, skulle det snu seg. Han banka likegodt inn 2 flotte langskot. Rett før slutt vart Stian Aasheim matchvinnar for Ørnar, då han scora eit verdig vinnarmål, dette også eit flott langskot. Til tross for harde tak og ein del ”fosskokande” topplokk, takkar Ørnar Junior Eldar for bataljen.

Hestavangen - Ørnar Jr. 2-3 (03.05)
Jamnspelt kamp på Palmafossen den 3.mai der Ørnar jr. til slutt trakk det lengste strået etter ein noko heldig scoring av Eivind Bere i sluttminutta. Mats Øren scora Ørnars første mål etter ca. 15 minutt, men Hestavangen utlikna ei stund etterpå. Etter pause banka nevnte Bere inn eit flott langskudd frå 20 meter, men nok gong utlikna Hestavangen etter noko uheldig forsvarspel. Til slutt gjekk det likevel Ørnars veg. Vil takka Hestavangen for ein fin batalje og ser fram til Granvinstur på mandag.
Mvh Ørnar Jr.

Ørnar snr. - Wannabe Oldboys 11-0 (03.05)
Det vart ein brutal start for nykommarane. Ørnar kontrollerte kampen frå start! 2-0 til pause etter at Ørnar hadde mange sjansar men fekk ikkje omsett dei i må, mellom ann ver det tre i treverket. I andre omgang gjekk det meste inn og dermed utklassingssiffer. Wannabe Oldboys bar preg av at dei var lite samspelte, litt mange personlege feil i forsvar som Ørnar sine toppscorarar frå ifjor utnytta nådelaust. Vi håpar og trur Wannabe kjem sterkare tilbake utover sesongen! Mvh. Terje Øye

Kampreferat frå sesongen 2005:

Ørnar JR - Bulken Young Stars 3- 3 (05.05)
Bulken starta kampen best og tok ledelsen 1-0 etter ca 10 min. Målet kom etter ein retur frå keeper der Bulken var først på ballen og satt den i åpent mål. Utlikninga kom 10 min seinare. Ein presist slått corner blir heada kontant imål av Karl Helge Skutle. Så går det berre eit par min før Ørnar er i ledelsen, eit langt framspel ender med at Bjarte S.Olsen er åleina med keeper, og med yggen mot mål klarer han på ein eller annan rar måte å lura ballen forbi Bulken keeperen.
2.Omgang starta som første, bulken utliknar etter at dei kjem seg fri pÃ¥ høgresida og innlegget/skudd treff tverren og returen blir satt i åpent mål. Dei neste 10-15 min er det stillingskrig og berre halvsjansar til begge lag. Mindre en 10 min før slutt tar Ørnar på ny ledelsen, og igjen var det Bjarte S.Olsen. Han får ein glimrande pasning frå Nils Ivar så det berre er å sette den sikkert i mål frå 6-7 meter. Etter dette presser bulken for å få eit mål til, men Ørnar har bra kontroll. Fram til 2 min før slutt, då klarer ein bulkenspelar å snappe ballen frå 2 ørnarspelara som prøver å skjerme ballen ut. Framfor mål er det berre ein Bulken spelar, som då får ein enkel jobb med å sette inn 3-3. 3-3 blei og sluttressultatet.

Kampreferat frå sesongen 2004:

Ørnar JR - Hestavangen 4- 9 (27.09)
Ørnar opna kampen sterkt, og fekk etter ca 10 min ein grei idømt straffe. Var litt disksjon om det var innanfor eller utanfor. Men etter heftig skrittgang blei det altså straffe. Keeper hjå hestavangen prøvde seg med utstykingsmetoden, men den funka heller dårlig og Bjarte S.Olsen satte ballen sikkert i mål. Eit par min seinare var det klart for no som kanskje bør bli årets mål i tebe-serien? Ein duell mellom ein ørnar spelar og ein hestavangen spelar, 15-20 meter frå målet til hestavangen. Der hestavangen spelaren takler ballen, så den triller fint inn nede ved stolpen i eige mål. Kanskje ei feilvurdering av keeper? Men mål blei det. Så gjekk det berre 1 eller 2 min, før kalle var frampå etter fint spel av Ørnar og laga 3-0 til Juniorane. Og alt såg veldig bra ut på Ørnar sine vegne. Men den gang ei, i løpet av dei siste 7 min av første omgang putta hestavangen 3 mål. Noen var vel kanskje av den lette sorten, og ved pause stod det 3-3. Andre omgang starta jamnt, og kampen stod og vippa. Så fekk hestavangen frispark på 9 meter, og ballen blei skrudd fint i mål. Ørnar protesterte litt, for dei meinte at alle frispark i tebe-serien skal være indirekte. Men muligens denne regelen er forrandra. Etter dette kasta Ørnar alle mann fram, noe som gjorde at hestavangen fekk lett spel på kontringar og til slutt stod det heile 9-4 i favør hestavangen.

Ørnar Junior ser seg ganske fornøgd med forbedringa frå fjorårets sesong, og kjem garantert endå sterkare igjen til neste år!

Ørnar Jr. - Ørnar 2-8 (14.06)
Dei gamle er fortsatt eldst!!!! Ref. ved Ørnar Snr.

Ørnar Jr. - Reime 1-2 (11.06)
Endå ein rar kamp som Ørnar JR burde ha vunne . Desverre var Ørnar JR kraftig satt tilbake av mangel på spelara, håpar oppmøte blir betre neste gong.! Med ein litt rusten dommar som kanskje burde friska opp kunnskapane sine, så trakk Ørnar det minste strået. Ikkje alt var berre dommaren si feil men det hadde hjelpt om me hadde fått medhold 1 gong. Etter at Ørnar JR låg under 0-1 til pause og 0-2 utover andre omgang så fekk me ein fortent redusering 1-2, men det blei for seint. Skitent spel var det av dei "eldre" frå Reime, og tungebruken var aktivt frå begge lag. Om Reime spelar fotball kan diskuterast, meir bryting, handball og gatekampar står i deira spillestil. Men me ser fram til neste møte der dei ikkje skal få 3 poeng så lett.
Om tebe-serien er til for oss som er litt unge er uvisst, men er det normalt å vere på fornavn med dommaren?
Ref. Ørnar Jr.

Onkel Blå-Granvin 0-10 (09.06)
Som resultatet tyder på, så er Granvin på veg tilbake til god gammal form. Me har vore langt nede, faktisk så langt nede at dersom me hadde tapt denne kampen så hadde me endra namn på laget til "tante grønn" .
Når det gjeld kampen, så hadde ikkje onklane eit einaste skudd på mål, medan me var relativt inneffektive.. Jan Erik Espeland scora 4 mål og byrjar endelig å likna ein fotballspelar. Alle ti måla vart scora av karane som kjøyrde i lag i ein skrøpelig "justy" på kamp, så herr Havås er herved utnemnt til fast sjåfør!
EM er i gang, sommaren er på veg og Granvin har funne formen!!
Sportdirektør Askeland

Ørnar - Hestavangen 1-1 (8.06)
Jamn kamp som lenge såg ut til å gå mot 0-0 heilt til Ørnar scora eit praktmål 3 min. før slutt, Kjartan Tveite la inn frå sida og Jan Erik Seim kom svevande på bakre stolpe og heada kontant i mål, perfekt og heilt etter læreboka. Når so Ørnar skulle cruisa inn til siger gjekk det heilt fint til det gjenstod 30 sek., etter fleire innkast og frispark fekk Hestavangen inn utlikninga! Ørnar hadde vel dei fleste og største sjansane i ein kamp som likevel kunne vippa begge vegar. Rykta fortel elles at enkelte råtassar på Hestavangen no har byrja å sona karantene ein kamp i forkant, spørst vel om Jon Lid godkjenner den praksisen om det skulle verta nye raude kort? ref. ved Ørnar

Bulken - Ørnar 4-2 (27.05)
Ein heller jamn kamp der Ørnar stod for mykje av spelet men ikkje klarde å omsetja det i teljande resultat. Nokre forsvarsglippar gjorde at Bulken fekk heller lettkjøpte mål. Bulken var flinke og presise på kontringar og skapte sine sjansar der. Utover i andre omgang brukte Bulken stadig lenger tid å henta ballen og klareringane vart lenger og høgare så dei følte seg tydelegvis ikkje sikre på siger før sluttsignalet gjekk. Ørnar kjem nok sterkare igjen når vi har fått øvd litt meir på forsvarsspel og forhåpentlegvis fått fanga inn ein keeper ein eller anna plass frå! referat ved Terje Øye

Onkel Blå - Grebbe Hangor 0-3 (26.05)
Det vart endeleg siger på Grebbe Hangor. Etter å ha gått tapande ut ev dei 4 første kampane, var det vel eigentleg på høg tid. 2 mål av Olav Teigen og 1 avGeir Underhaug. Det litt spesielle med denne kampen, var at 5 av SKGH sine spelarar var Onkel Blå sin eigedom i fjor, men slikt har ein naturlegvis eit profesjonelt forhold til. Kampen gjekk i vennskaplege former. Domaren behøvde knapt blåse for anna enn avspark. Absolutt ingen stor kamp av SKGH, men positivt at Stig Rogne fekk debutert for sesongen med solid spel. Fredag er det nytt prestisjeoppgjer mot Eldar, det laget dei fleste av SKGH sine spelarar ofra sine skrubbsår til på 80 og 90-talet. Kampen går på gras i Haugsvik, og nett det blir knallmoro etter nokre humpete kampar på Palmen i det siste. Me ønsker oss sjølve lukke til!
referat ved SKGH

Ørnar - Reime 2-2 (21.05)
Som vanleg vart det ein tett og hard kamp mellom Ørnar og Reime, Ørnar tok ei litt heldig leiing ved Steve Clarke på eit "lompeskudd". Reime utlikna slik at det var 1-1 til pause. I andre omgang hardna spelet til, enkelte spelte meir med kjeften enn beina! Ørnar tok leiinga, Terje Mørkve la inn til Jan Erik Seim som heada i mål, ei scoring etter læreboka. Ikkje lenge etter kom Reime igjen, med ein spelar mindre på banen, og utlikna til 2-2 eit resultat som heldt kampen ut. Kanskje var Reime nærast sigeren, ballen traff både tverrliggar og stolpe i første omgang utan resultat. Ørnar er saman med 4 andre lag framleis utan tap, toppkamp neste veke mot Bulken som er utan poengtap i det heile. Terje Øye, Ørnar

Ørnar Jr. - Eldar 7-3 (19.05)
Kampen åpne heller jevnt, men ørnar hadde eit lite overtak og skapte det som var av sjangsar. Før eldar putter på sin første skikkelige sjangse. Eit langskudd som keeper gir retur på, blir ekspidert i mål fra kort hold. Etter dette er kampen jevn. Etter ca 15 min utligner Ørnar ved Bjarte S.Olsen. Rett før pause får Eldar eit noko tvilsomt straffespark, som blir satt sikkert imål. 2 omgang starter med eit voldsomt ørnar press, og før 5 min var godt var kampen snudd og ørnar leda 3-2. Etter mål av Aleksander Hagen, og Bjarte S.Olsen. Litt seinare er Olsen frampå igjen og øker til 4-2, før Odd Eirik Hagen sett inn 5-2 med eit flott langskudd. Eldar ypper litt igjen etter dette og får 5-3, før Ørnar igjen putter 2 mål mål på slutten, og kampen ender med eit fortjent 7-3 ressultat til Juniorane. Referat ved Ørnar Jr.

Hestavangen - SK Grebbe Hangor 3-2 (12.05)
Så har det skjedd! Spelaren som knapt har vore nær scoring nokosinne etter eit hardt liv på fotballbana, sende Grebbe Hangor inn i kampen med 2-2-utlikninga 10 min før slutt. Give a big hand for Nils Rokne! At Hestavangen like etter avgjorde til 3-2 la nok ingen dempar for Nillen. Verbale blomster er med dette avsendt. Hestavangen sikra seg ein seier som kanskje sat litt langt inne? Grebbe Hangor viste at dei er i ferd med å spele inn laget, og presterte årsbeste så langt. Men lirarane til Hestavangen, Odin Lavik og Ø.Lidsheim, vart tunga på vektskåla. Inga bombe nett det! Ein god kamp med mykje fint pasningsspel. På sidelinja vart observert den lokale fotballpersonligheten og travkommentator frå Tvildemoen travpark, Jan Inge Ringen. Var han i ærend for å sjekke ut spelarar for FBK Voss? Eller skulle han skaffa dommarar til Voss Cup? Var han derimot ute etter gampe-fotball, gjekk han nok skuffa heimatt!
Referat ved Øystein, SK Grebbe Hangor

Ørnar Jr-Granvin 2-3 (11.05)
Granvin tok ledelsen tidlig i første omgang, og dobla ledelsen noko seinare. I 2 omgang vokna Ørnar meir til liv, etter å ha vore i dvaletilstand i årets 3 første omgangar. 2-1 kjem etter flott spel, der til slutt Espen Nilsen kjem med åpent mål og har ein enkel jobb.. Litt seinare økte Granvin ledelsen til 3-1, etter ein noko uheldig manøver av ein av Ørnars forsvarsspelara. Ørnar fortsatte og pressa, mens Granvin var svært farlige på kontringar. 2 målet til ørnar kom ca 10 min før slutt, ei nydelig kontring. Der ballen gjekk rett i angrep og Bjarte S.Olsen avslutta på heil volley i keepers lengste hjørne. Ørnar fortsetta og pressa på for ei utlikning etter dette, og opptil fleire gonger var forsvaret til Granvin på glattisen. Noko som ressulterte i at dei brukte svært lang tid på alle døballar, og på diverse ballhentingar.. Men til slutt blas dommaren og Granvin vant 3-2. Dette var ein kamp som like gjerne Ørnar kunne ha vunnet til slutt, men me ventar fortsatt på årets første seier. Som kanskje kjem mot Bjørgum på Torsdag.
Referat ved Ørnar jr.

Ørnar-Eldar 9-2 (11.05)
Ein varierande kamp frå Ørnar si side, låg ei stund i første omgang under 2-1 før ein fekk snudd til 3-2 leiing ved pause. Det virka som om laga hadde lete seg inspirera av finveret og teke sommarferie halvannan månad før tida. Enten hadde Eldar rasjonert dårleg med kreftene og gløymt at det var ein omgang igjen eller så var det skjennepreika til Ørnar i pausen som gjorde utslaget, i andre omgang var det iallefall aldri tvil om kor seieren skulle gå, Ørnar kunne lett scora dobbelt så mange mål om utteljinga hadde vore som normal! Fire tomålsskorarar: Steve Clarke (keeper i ein omgang), Terje Mørkve, Jan Erik Seim (toppscoraren) og Saeed Houshmand. I tillegg scora Terje Øye kanskje det finaste (underteikna er iallefall ikkje i tvil) på heil volley. Alt i alt ein grei transportetappe for Ørnar på vegen mot seriegullet til hausten!.
Referat ved Terje Øye, Ørnar

Granvin - Hestavangen 1-1 (05.05)
1-1 tilseier at det var ein jamn kamp. Men Granvin var så dårlig framover at ein på Hestavangen måtte hjelpa dei med å scora mål. Hestavangen såg iallefall meir ut som seriemesterar enn Gravensarane. Men dog ineffektive. Granvin er laangt over the hill. (Saksa frå anonymt innlegg i gjesteboka, mykje truleg lagt inn av nokon på Hestavangen!!!)

Granvin-Hestavangen 1-1
Me sto nærmast i ro og lot Hestavangen laga mål etter omlag 30 sekundar....noko særleg meir vakne vart me ikkje utover i kampen. Me fekk eit mål kreditert Trond Horten i andre omgang (var muligens innom foten til ein motspelar, me ventar på ein gjennomgang av videoen). Resten er ikkje noko særleg å skriva om. Dommaren Jo-Are Øydvin gjorde forøvrig ein god debut i Te-Be serien. Me lyt samtidig seia at Hestavangen gjorde sin beste kamp mot oss på fleire år, noko som tyder på ambisjonar der i gården.
Fremdeles Sportsdirektør Askeland

Ørnar - Bjørgum Old Boys 3-0 (03.05)
Serien var endeleg igang, no skulle all den beinharde vintertreninga visa att på fotballbanen! Ørnar starta forrykande, finpasningsspelet sat som det skulle, nesten heilt inn i mål, det stoppa gang på gang opp to meter frå mål, utan resultat. Det går an å skyta, også utanfor femmeteren! Kampen jamna seg litt ut men så dukka Jan Erik Seim opp og krangla inn ei fortent 1-0 leiing. Unge Seim fortsette der han avslutta litt før sesongslutt ifjor, som ein notorisk målskorar! Ei blanding mellom Steven Gerrard og Michael Owen! Etter pause vart det meir og meir Ørnar, kan Bjørgum ha sluntra unna mengdetreninga på islagde vegar i vinter? Jan Erik Seim putta inn eit ferdigscora mål frå Saeed før Kjartan Tveite avslutta med eit kontant skudd til 3-0. Kampen ebba ut med litt sjansar i begge endar. Ørnar var vel nærare både fire og fem enn Bjørgum var ei redusering. Elles ser sesongen lys ut for Ørnar, dei nyinnkjøpte spelarane slo til frå første spark på ballen, Terje Mørkve fordelte ballane på midten, Odd Småbakk sto som ein bauta i forsvar og Kjartan Tveite fossa opp og ned på venstresida så både han sjølv og gamle lagkameratar vart svimle. Den nye keeperen Kenneth Dregelid heldt nullen etter sikkert spel bakerst! Det ser ut som Ørnar har fått mykje ut av dei begrensa midlane til spelarinnkjøp, godt dei har underteikna lange kontraktar. Spionar frå m.a. Hestavangen vart observert rundt det nye flotte klubbhuset til Viljar, pengesterke som dei er kan dei nok koma til å prøva seg med sjekkheftet om storspelet fortset for Ørnar! Elles må vi, akkurat som Grebbe Hangor seia oss svært nøgde med pipeblåsaren Jon Lid! Kanskje vart Bjørgum snytt for ein corner? Dette vert truleg enno diskutert på Bjørgum... Dommarane i Tebe-serien har elles fått det mykje lettare no når råtassen Alan Tolley sit trygt plassert i Australia med paraplydrinkane sine. Dette vil tnok visa att på statistikkane over gule og raude kort utover i sesongen. - Referat Ørnar

Reime - Grebbe Hangor 3-2 (30.04)
Reime, med all-time-high tjuvtriksspelar Jogeir Bratåker i godt gamalt driv, sende Grebbe Hangor ut i tankefull erkjenning om at i TEBE-serien er det ikkje berre å hente poenga. Ei tidleg 2-0 leiing (ja-visst-faen, Arne Scheie, det ER ei farleg leiing), vart utover kampen snudd til 3-2. Rustne bein i ein kamp prega av alt anna enn gladfotball, sett frå Grebbe Hangor si side. Eit Reime-lag denne gongen utan deira tekniske og fintspelande tvillingar Reime på laget er nok vesentleg meir nøgde.
Grebbe Hangor gratulerer sjølvsagt sine overmenn, men kan likevel ikkje heilt fri seg frå å sitere Vinnie Jones etter enten å ha tapt eller å ha blitt grisetakla: "There's always another game, y' know..." Det kjem alltids eit returoppgjer! Som eit apropos til fokuset på dømminga i eliteserien den seinare tid; "Look to Jon Lid!" Stødig kampleiing i sesongopninga, som alltid med god tone til spelarane utpå bana, og no også med bruk av fordelsparagraf! God dømming! Kjekt å vere i gang med kampane er det iallfall. Og det er sjølvsagt heilt i orden å sjå Onkel Blå bak seg på tabellen frå starten av. Onsdag førstkomande skal Bjørgum sitt lag opp mot Grebbe Hangor. Vil poengfangsten starta der? Vi ventar i spenning!
ref. Grebbe Hangor



Kampreferat frå sesongen 2003:

Ørnar - Reime 0-0 (09.09)
Noko så sjelden som ein 0-0 kamp i TeBe-serien! God og spanande kamp, der Reime nok hadde dei største moglegheitene til å scora, men Thomas i Ørnar sitt mål hadde stengt for kvelden og varta opp med fleire gode redningar, spesiellt i andre omgang. Resultatet førde til at Hestavangen, som vann 1-0 mot Onkel Blå, kom nærare 3. plassen, men også Reime har heng på den plassen om dei vinn dei neste kampane.
Terje Øye

Granvin - Onkel Blå 14-0 (03.09)
Det vart ein noko spesiell kamp, då Onkel Blå hadde berre fem spelarar på laget. Granvin hadde full kontroll, sjølvt om me sleit litt med effektiviteten i fyrste omgang, så stillingen etter fyrste omgang var "berre" 4-0 til heimelaget. I andre omgang var det einvegskjøyring, og Onkel Blå var rett og slett sjanselause......rettare sagt nesten sjanselause, dei noterte seg for eit skudd på mål! Det vert spekulert om Granvin no har seriegullet innan rekkevidde, men laget held fast med målsettinga om å forbetra plasseringa frå i fjor.
For Granvin, Rune Askeland

Onkel Blå - Ørnar 0-8 (22.08)
Etter ei forsiktig opning der begge lag låg litt bakpå og var forsiktige løsna det etterkvart for Ørnar og spesiellt Jan Erik Seim som verkeleg har funne haustforma. Etter skadeavbrekk i vår scora han tre mål i 3-4 tapet mot Bjørgum sist, idag vart det 4 mål i fyrste omgang + det fyrste i andre slik at han overtok leiinga i kampen om Ørnar sin gullball med 8 mål allereie etter ein og ein halv kamp! Sogningane kan truleg sjå langt etter isforsyning dei neste vekene då Seim nok ikkje vert frigjeven frå fleire Ørnar-kampar. Etter unge Seim sine herjingar var det etterkvart berre spørsmål om kor stor sigeren skulle verta, Ørnar putta ytterlegare tre mål bak Onkel Blå sin keeper før kampen vart avblesen av Jan Inge Ringen som imponerte alle utanom Nils Rokne med god dømming. Hadde andre kome så kraftige utfall mot Nils når han dømmer som det Nils gjorde mot dommaren i fyrste omgang av denne kampen hadde truleg haustfargane kome flittig opp av brystlomma! Alt i alt var kampen ei god oppreising for Ørnar etter eit bittert 3-4 tap mot Onkel Blå i vår.
Helsing Terje Øye

Granvin - Ørnar jr. 7-0 (15.08)
Ørnar JR. åpna særs bra og pressa Granvin dei fyrste minuttane, men deretter tok Granvin over og leia 4-0 til pause.
I andre omgang hadde Granvin full kontroll og scora nokre glimrande mål etter flott spel.
Granvin hadde forøvrig ein oppvising i sjansesløseri..
Me ser fram mot neste kamp, som er eit nytt oppgjør mot Ørnar JR!
mvh, Rune Askeland, Arne Havås, Atle Seim - Granvin.


Ørnar-Bjørgum 2-1 (09.05 19.00)
Ny sesong og nye muligheter. Det er alltid knytta litt ekstra spenning til serieåpninga. Er det gjort nokon nye innkjøp? Har dei trent hardt i vinter? Har han umulige høgrebacken gitt seg? Det var stort sett dei same fjesa ein ser frå sesong til sesong, og det var ein fin blanding av ungt og gammalt på begge lag. Alt var klart for å skapa underholdning for dei 5-6 frammøtte på Skulestadmoen stadion.

Kampen starta forsiktig og var prega av nervøst spel frå bege partar. Ein del dårlige passningar og spelet bølga fram og tilbake. Ikkje dei heilt store sjansane, men Bjørgum klarte å pressa Ørnar godt tilbake på eigen banehalvdel. Tydleig at Ørnar måtte pressa laget høgare. Denne fantastiske taktikken vart utprøvd, noko som resulterte i at Jan-Eric Crook fekk ballen på høgrekanten utanfor femmeteren og klemte til. Ballen suste i nettet bak Bjørgums sisteskanse. Dermed 1-0 til Ørnar. Dette var også resultatet ved pause.

Etter sidebytte tok Ørnar litt meir over kampen. Spelte seg til eit par store sjansar, men store sjansar betyr ikkje mål, noko som bedriftsfotball er det aller beste beviset på. Eit stykke ut i omgangen fekk Ørnar pressa seg til ein corner. Ballen vart lagt inn i feltet og der steig Jostein Solstad til værs i reinaste Nial Quinn stil, og nikka inn 2-0. Stor jubel blant Ørnar gutta.

Etter dette virka det mest som Ørnar tenkte på seriemesterskap, piker, vin og sang. Bjørgum kom meir og meir inn i kampen og skapte fleire overtalssituasjonar. Etter ein del fram og tilbake utafor feltet til Ørnar, var det ein luring som fekk fyrt av eit skot mot mål. Ballen gjekk via både eit og to bein, og ei lang tå var på veg til å klarera, men det var ikkje godt nok til å hindra mål. Dermed var stillingen 2-1. Ikkje lenge etterpå blas dommaren i fløyta, og Ørnar stakk av med 3 poeng. Mykje takka vera ein svært god keeper.
Jostein Solstad