• Speletid 2 x 30 min. Pause max. 5 min.
• Poeng: Seier 3 poeng, uavgjort 1 poeng, tap 0 poeng.
• Laga kan nytta ubegrensa antall innbytarar pr. kamp.
Samme spelar kan vera innpå bana fleire gonger.
• Spelarar som har delteke i kampar i seriesystemet til NFF som senior eller på alderbestemt nivå i år har ikkje høve til å delta i TeBe-serien.
Dispensasjon kan gjevast i særskilde høve, dette må då vera avklåra med styret, dommar og motstandar før kampstart.
• Spelarar som er over 35 år, vert ikkje rekna som aktive sjølv om dei har
delteke i seriekamp.
• Nedre aldersgrense: Må vere fyllt 16 år.
• Lag som har brukt uberettiga spelar:
Kampen der spelaren har vore nytta, får resultat 3-0 og motstanderen 3
poeng. Dersom dette skjer meir enn i gong, kan laget verta diskvalifisert frå
serien. Andre lag i TeBe-serien har rett til å klaga og få kampen/kampane
annulert.
• Ved kampstart må laga stilla med minimum 5 spelarar.
Om eit av laga stiller opp med mindre enn 5 spelarar, får dei 0 poeng og 0-3 i
målforskjell. Ved gjentaking kan laget verta diska, og alle lagets kampar strokne.
Laget som møter, og som ikkje får spela fordi motstandar ikkje møter/møter med for få spelarar, får 3 poeng og 3-0 i målforskjell.
• Dersom eit lag ligg under med 5 eller fleire mål har dei lov å setja inn ein spelar nr 8 på banen. Om eit lag ligg under med 10 eller fleire mål har dei lov å setja inn spelar nr. 9.. Dersom resultatet kjem under desse grensene igjen skal den ekstra spelaren takast av bana igjen!
• Dersom dommar ikkje har fått beskjed om at eit lag ikkje kan stilla opp på føre hand, må dei betala dommaren for oppmøte med kr. 300,-.
• Kvart lag betalar dommaren kr. 150,- kontant ved kampslutt.
• Ved dødball og utspark frå mål, har ein 6 sekundar på å få ballen i spel.
Når ballen går ut over dødlinja må keepar setja igang spelet ved kasta ballen ut frå målfeltet. (Det er lov å kasta over midten på bana.)
• 1 gult kort = advarsel!
• 2 gule kort = utvisning. Må stå over den neste kampen.
• Raudt kort = utvisning. Må stå over den neste kampen.
Styret og dommar kan eventuelt idømma strengare straff!
• Heimelaget (laget som er nemt fyrst i oppsett), har ansvar for å skaffa kampball
og å syta for at det vert lys på bana om nødvendig.
• Heimelaget er ansvarleg for å skaffa dommar til kampane.
• Alle lag melder resultat på SMS til 988 83 393, det vil til ei kvar tid vera
ajourført tabell på nettsida www.tebe-serien.com,
«Hordaland» vil også trykkja tabell og resultat jamnleg!
• Det vert sett opp pokal til 1., 2. og 3. plass TeBe-serien.
• Serieavgift er sett til kr. 1300,-. Frist for betaling er 5. mai 2011.
(Manglande betaling kan føra til poengstraff/diskvalifikasjon av laget).
• Dersom eit lag trekkjer seg frå serien i løpet av sesongen vert dei ilagt ei bot
på kr.1000,- til TeBe-serien.
• Alle er pålagt å bruka leggskinn, dette er viktig ved evt. forsikringssaker.
Dommarar SKAL avvise spelarar uten leggskinn.
• Hugs forsikring, arrangøren av TeBe-serien tek ikkje ansvar for evt. skadar og
liknande, alle lag bør teikna forsikring sjølve!